Opna hovudmenyen

Bertel Bertelsen

norsk stortingsmann, lærar og lensmann

Bertel Andreas Bertelsen (8. juni 183523. september 1925) var ein norsk lærar, lensmann og stortingsmann frå Trondenes i Troms. Han representerte VenstreStortinget.

Bertel Bertelsen
Fødd8. juni 1835
Trondenes
Død23. september 1925
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkelærar, Lensmann, politikar

Bertelsen var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han ut frå Tromsø seminar i 1856, og var så dei neste tre åra lærar i heimbygda. Frå 1859 var han lærar i Tromsø. År 1868 flytta han til Hammerfest, der han var vaktmeister ved distriktsfengslet og politibetjent. Frå 1888 var han lensmann i Sør-Varanger, med bustad i Jarfjord.

Bertelsen var 1. representant frå Finmarkens amtStortinget 1898-1900. Han var medlem av Lagtinget og av næringskomité nr 1. Grunna sjukdom var han permittert frå 30. mai 1900.

Han døydde i Jarfjord i 1925.

KjelderEndra