Bertil Reppen (fødd 8. mai 1955) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Brønnøysund. I tida 1975 til 1985 vart han noregsmeister i stavhopp sju gongar og sikra seg elles eitt NM-sølv og ein NM-bronse i øvinga. Reppen var etter tur medlem i Brønnøysund IL, BUL, Kamp-Vestheim og IK Tjalve.

Bertil Reppen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 8. mai 1955 (68 år)
Idrett friidrett

Aktiv endre

Reppen presterte personbeste i stavhopp sommaren 1975 då han tok seg over 4,71 meter ved eit stemne på Kongsvinger. Seinare i sesongen vann han gullmedaljen i øvinga då NM i friidrett 1975 vart avvikla på Fana stadion i Bergen. To år seinare forbetra han sitt personbeste til 4,72 m i Mo i Rana. Under noregsmeisterskapen 1979 i Larvik vart Reppen norsk meister for andre gong med ny personleg rekord på 4,80 m, årsbeste i Noreg.

I mai og juni 1981 flytta Reppen sin personlege rekord tre gongar, sist til 4,95 meter i eit stemne på Kongsvinger den 25. juni. Same året i august byrja han på ei fem år lang gullrekke, med di han sigra i stavtevlinga i samtlege norsk meisterskap i åra fram til og med 1985. I denne perioden hoppa Reppen for aller fyrste gong, 16. august 1983 i eit nasjonalt stemne på Bislett stadion i Oslo 16. august 1983, over 5,00 meter, ein prestasjon han gjorde omatt både i 1984 og 1985-sesongen. Men noregsrekorden til Wilhelm Sorteberg frå 1978 på 5,05 m makta han ikkje rikke.

Kjelder endre