Ein gaffel er ein reiskap som ein bruker til å halda fast eller løfta mat med ved hjelp av to eller fleire tindar.

Ein typisk metallgaffel.
Ein blå plastgaffel.

Dei fleste gaflar i dag er laga av rustfritt stål, men andre vanlege material er sølv, tre og plast. Enkle gaflar kan vera flate, men som regel er gripefelen og somme tider skaftet kurva for betre handtering. Skaft på metallgaflar er ofte forsiktig eller mykje dekorerte.

Historie endre

 
I Jacopo da Pontormo si framstilling av nattverden frå 1525 ser me knivar, men ingen gaflar.

Det er no veldig uvanleg å eta utan gaffel i Noreg, men det var ikkje alltid slik. Gaflar var ikkje i bruk her før det 18. hundreåret. Dei som var litt kultiverte åt med to knivar, som dei brukte både for å skjera maten og for å ta han frå tallerken til munnen. Men dei fleste åt berre med hendene.

Gaflar blei først brukte i Midtausten i det 10. hundreåret, for å halda kjøtt fast medan ein skar eller rista sausen av. Dei hadde berre to tindar, og begge var beine. Gaflar spreidde seg til Det bysantinske riket der dei snart blei veldig populære blant adelen. Sølvgaflar var mest vanlege, men rike familiar brukte gaflar av gull med edelsteinar på skafta.

I 1077 blei Teodora, dottera til den bysantinske keisaren Costantino Ducas, gift med Domenico Selvo, dogen av Venezia sin son. Det var første gongen europearar hadde sett nokon som åt med gaflar, og dei fleste likte ikkje idéen. Pier Damiani, kardinal-biskopen av Ostia, skreiv at det var ei krenkjing imot Gud å bruka gaflar – han gav oss ti naturlege gaflar då han skapte fingrane våre, og dei var alt ein turvde. For folk flest såg det ut som eit anna døme på Teodora sin ovlivnad – som hennar måte å vaska seg i doggdropar som slavar hadde samla. Ho blei så upopulær at då ho låg daudssjuk med borttæring var det nesten umogleg å finna nokon som ville ta seg av henne.

Men adelen i Italia hadde lagt merke til at gaflar kunne vera ganske nyttige, særleg når ein åt ein matrett med ein klissete saus. Dei neste tre hundre åra blei gaflar meir og meir brukt i Italia. I det 16. hundreåret var gaflar kjent i dei fleste delar av Europa, men dei var ikkje i vanleg bruk endå. I England var gaflar sett på som italiensk jåleri, sjølv om kongane Henrik VII og VIII åtte nokre få gaflar. Kyrkja stod også sterkt imot gaflar og prøvde å forby dei. Grunnen var at gaflar var veldig populære blant prostituerte fordi ein som brukte gaflar kunne ha veldig reine hender.

 
Ein gaffel til å eta eit kakestykke med.

Gaflar spreidde seg vidare nokoleis. Folk som reiste til Italia lagde merke til bruken av reiskapane, og mange av dei byrja å bruka gaffel sjølv. Det var vanleg å ha eit par stykke kjøtt i ein stor bollebordet, og i ei verd der mange ikkje hadde reine hender var det veldig lurt at ingen andre rørte maten som dei ville eta. Dei spanske var dei første utanfor Italia som godtok gaflar – ganske mange gaflar er blitt funne i vrakgodset av den spanske krigsflåten. Dei franske byrja å bruka gaflar i det 17. hundreåret. Dei modifiserte også tindane slik at dei blei litt bøygde som dei er i dag. Det gjorde gaflar nyttigare, fordi dei no kunne brukast til å løfta opp mat som ei skei, og den nye forma blei snart mønsteret for resten av Europa. England var det siste landet der gaflar kom i bruk, men i det 18. hundreåret blei dei vanlege der også.

Gaflar og knivar var veldig lenge personlege ting, som tannbørstar er no. Ein reisande måtte bera dei med seg når han reiste. Det var også venta at gjestar på ein bankett skulle ta sine eigne gaflar og knivar med. Det var berre i det 19. hundreåret at gaflar blei billige nok (og reinsemd god nok) til at vertar og hotell kunne ha nok for alle gjestar.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Gaffel