Beitar Illit

(Omdirigert frå Betar Illit)

Beitar Illit (hebraisk ביתר עילית, arabisk بيتار عيليت‎) er ei israelsk busetjing på den okkuperte Vestbreidda. Busetjinga vart etablert i 1985. Folketalet er 38 800.(2007) Modi'in Illit er den nest største israelske busetjinga på Vestbreidda og vert, saman med dei andre busetjingane, rekna som ulovleg etter folkeretten. Busetjinga ligg 10 kilometer sør for Jerusalem, nær grensa mellom Israel og Vestbreidda.

Beitar Illit
בֵּיתָר עִלִּית, Betar Illit
by
Våpenskjold
Land  Vestbreidda
Distrikt Judea- og Samaria-området
Koordinatar 31°41′52″N 35°6′56″E / 31.69778°N 35.11556°E / 31.69778; 35.11556
Areal 4,3 km²
Folketal 45 710  (2013)[1]
Folketettleik 10 630 / km²
Grunnlagd 1985
Borgarmeister Meir Rubenstein
Kart
Beitar Illit
31°41′52″N 35°06′55″E / 31.697777777778°N 35.115277777778°E / 31.697777777778; 35.115277777778
Wikimedia Commons: Beitar Illit
Nettstad: http://betar-illit.muni.il/

Israel sin separasjonsmur/-gjerde går aust for Beitar Illit, og skil dermed busetjinga fysisk frå resten av Vestbreidda. Busettarane i Beitar Illit er hovudsakleg såkalla ultra-ortodokse jødar, haredim. Fødselsraten er svært høg, og berre 37 % av innbyggjarane er over 18 år.[2] Busetjinga i Beitar Illit vert stadig utvida. Staden kom i søkjelyset då israelske styresmakter tillet ytterlegare bustadbygging der i mars 2010 medan den amerikanske visepresidenten Joe Biden var i Israel, noko som vart sett som ei audmjuking av Biden.[3]

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «הודעה בדבר קביעת מספר חברי המועצה במועצות מקומיות» [Notice Regarding the Assignment of Council Members in Regionale kommunar] (PDF) (på hebraisk). Israel Ministry of Interior. 18. juli 2013. Henta 14. desember 2013. 
  2. "A struggle in Beitar is a struggle for Jerusalem" frå Haaretz.com, 21. oktober 2007, på engelsk
  3. "Biden sees 'moment of opportunity' for Mid-East peace"BBC, 9. mars 2010, på engelsk

Bakgrunnsstoff endre