Better Love
«Better Love» Song av Katerine Duska | ||
Land | Hellas | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 6. mars 2019 | |
Sjanger | Pop, indiepop | |
Lengd | 03:01 | |
Selskap | Minos EMI | |
Låtskrivar(ar) | Katerine Duska, Leon of Athens, David Sneddon |
---|
«Better Love» (norsk 'betre kjærleik') er ein song som vert framført av den kanadisk-greske songaren Katerine Duska. Songen vart utgjeven 6. mars 2019 og var det greske bidraget i Eurovision Song Contest 2019 i Tel Aviv i Israel.
Om songen
endre«Better Love» er skriven av Duska, den greske songaren og låtskrivaren Leon of Athens og den skotske songaren og låtskrivaren David Sneddon. Songen vart vald av den greske kringkastaren ERT til å representer Hellas i Eurovision Song Contest i 2019. ERT skildra låten som ein song om høgare, uforbeholden og tilgjevande kjærleik. Duska sjølv har forklart at «Better Love» er ein slags invitasjon eller omfamning som skal hjelpe lyttaren til å forstå kjærleiken og kva kjærleiken eigentleg tyder.[1]
I Eurovision Song Contest
endreDuska vart kunngjord som den greske representanten 14. februar 2019, medan songtittelen vart offentleggjord to dagar etter. Songen vart framført offentleg for fyrste gong 6. mars 2019 på den greske kringkastaren ERT.[2]
Eurovision Song Contest 2019 fann stad i Expo Tel Aviv og bestod av to semifinalar 14. og 16. mai, og ein finale laurdag 18. mai. «Better Love» vart trekt ut til å delta i den andre semifinalen og fekk startnummer 16; det nest siste bidraget ut på scena. Songen vart blant dei ti beste i semifinalen og kvalifiserte seg dimed til finalen laurdag 18. mai.[3][4][5][6][7][8] I finalen vart «Better Love» nummer 21 av 26 deltakarar.[9]
Listeplasseringar
endreListe (2019) | Høgaste plassering |
---|---|
Hellas (Airplay Chart)[10] | 18 |
Hellas (Digital Singles Chart)[11] | 4 |
Litauen (AGATA)[12] | 83 |
Kjelder
endre- ↑ «This is Katerine Duska's 'Better Love' Eurovision entry for Greece». Henta 25. mars 2019.
- ↑ Christou, Constantinou (6. mars 2019). «Greece: Better Love is released!». ESCXTRA.
- ↑ «First Semi-Final: 10 acts qualify for Eurovision 2019 Grand Final». eurovision.tv. 14. mai 2019. Henta 15. mai 2019.
- ↑ «Rules – Eurovision Song Contest». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 31. august 2018.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2019 – First Semi-Final». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. mars 2019.
- ↑ «Eurovision Song Contest 2019 – Second Semi-Final». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. mars 2019.
- ↑ Zwart, Josianne (28. januar 2019). «Eurovision 2019: Which country takes part in which Semi-Final?». Den europeiske kringkastingsunion. Henta 4. mars 2019.
- ↑ «Exclusive: This is the Eurovision 2019 Semi-Final running order!». eurovision.tv. Henta 4. april 2019.
- ↑ «Grand Final of Tel Aviv 2019». EBU. mai 2019. Henta 26. mai 2019.
- ↑ «Official IFPI Airplay Chart Week 12». 18. mars 2019.
- ↑ «Official IFPI Chart Digital Singles Chart». 18. mars 2019.
- ↑ «Savaitės klausomiausi (TOP 100)» (på litauisk). AGATA. 24. mai 2019. Henta 3. desember 2019.
- Denne artikkelen bygger på «Better Love» frå Wikipedia på bokmål, den 23. desember 2021.