Bill Black

amerikansk musikar
(Omdirigert frå Bill Black's Combo)

William Patton «Bill» Black jr. (17. september 192621. oktober 1965)[1] var ein USA-amerikansk musikar og bandleiar som er kjend som ein av pionerane innan rock and roll. Black var bassist i den tidlege trioen til Elvis Presley, og danna sidan Bill Black's Combo.

Bill Black

Fødd17. september 1926(1926-09-17)
FødestadMemphis i Tennessee i USA
Død21. oktober 1965
DødsstadMemphis
FødenamnWilliam Patton Black, Jr.
OpphavUSA
Aktiv1954–65
SjangerRock and roll
Instrument
Tilknytte artistarElvis Presley
The Blue Moon Boys
Bill Black's Combo
PlateselskapSun (Presley); Hi, UK: Felsted, London (Combo)
Verka somBassist, bandleiar
PrisarRock and Roll Hall of Fame

Biografi

endre

Black spelte først for Sun Records tidleg i 1954 som del av eit countryband, Doug Poindexter and the Starlite Wranglers, der gitaristen Scotty Moore òg spelte. Denne gruppa gav berre ut ein singel for Sun, men det var nok til at sjefen i Sun, Sam Phillips, sette Black og Morre saman med Elvis Presley. Som Elvis Presley, Scotty og Bill, gav dei ut fem singlar for Sun i 1954 og 1955, som vanlegvis vert rekna som somme av dei beste rockabilly-songane som nokon gong er spelt inn. Blak var ein viktig del av den tidlege stilen til Presley med sin klaskande kontrabass og sprudlande framferd på scenen.

Black og Moore arbeidde med Presley fram til 1958, men slutta då dei ikkje vart samde om honorara. Black og Morre hadde fått ein fjerdedel av honrara i starten av karrieren til Presley, men sjøv etter at Presley vart stor stjerne med RCA i starten av 1956, fekk dei berre 200 dollar kvar i veka. Sjølv om Morre seinare arbeidde med Presley igjen, slutta Black heilt og vart med ei gruppe i Memphis som utvikla seg til Bill Black's Combo i 1959. Instrumentalen deira «Smokie» kom ut seinare på året og nådde topp 10.

Bill Black's Combo heldt seg til stilen dei hadde funne på «Smokie» på dei neste singlane, ein enkel shuffle-rytme, enkelt bluesaktig R&B-riff, og litt orgel og saksofon på toppen. Dei var ikkje særleg nyskapande, men ganske suksessrike, og fekk åtte singlar på topp 40 mellom 1959 og 1962, inkludert «White Silver Sands», «Josephine», «Don't Be Cruel», «Blue Tango» og «Hearts of Stone». Dei instrumentale rockesongane høva bra som bakgrunnsmusikk på barar, klubbar og kafear, og mange av platene deira var å finne i jukeboksar. Dette var medverkande til det gode salet. Dei hadde framleis singlar å topp 100 så seint som i 1964, og det året turnerte dei òg med The Beatles under den første turneen deira i Amerika.

Black fekk ein hjernesvulst han døydde av i 1965, kort tid før 40-årsdagen.

Diskografien til Bill Black's Combo

endre

Album

endre
År Tittel Plassering
US 200
1960 «Solid and Raunchy» 23
1962 «Let's Twist Her» 35
1963 «Big Black Combo Goes West» 139
1964 «Big Black Combo Goes Big Band» 139
1964 «Plays Tunes By Chuck Berry» 143
1965 «Mr. Beat» 143
1967 «Bill Black's Greatest Hits» 195
1967 «Bill Black's Beat Goes On»
1969 «Solid and Raunchy 3rd» 168
1970 «Raindrops Keep Fallin on My Head»
1975 «World's Greatest Honky-Tonk Band»A
  • APeaked at #47 in Billboard Country Albums

Singlar

endre

1960-åra

endre
År Tittel Plassering Album
US US R&B
1959 «Smokie, Part 2»

med «Smokie, Part 1» (frå Smokie)

17 1 Saxy Jazz
1960 «White Silver Sands»

med «The Wheel»

9 1
«Josephine»

med «Dry Bones» (frå That Wonderful Feeling)

18 Let's Twist Her
«Don't Be Cruel»

med «Rollin'» (frå Greatest Hits)

11 9 Solid and Raunchy
«Blue Tango»

med «Willie»

16 Greatest Hits
1961 «Hearts of Stone»

med «Royal Blue»

20 22
«Ole Buttermilk Sky»

med «Yogi»

25
«Honky Train» / 92 Movin'
«Movin'» 41
«Twist Her»

med «My Girl Josephine»

26 Let's Twist Her
1962 «Twistin' 'White Silver Sands'»

med «My Babe»

92 Non-album tracks
«So What»

med «Blues For The Red Boy» (Non-album track)

78 The Untouchable Sound of Bill Black's Combo
«Joey's Song»

med «Hot Taco» (Non-album track)

114
1963 «Do It – Rat Now»

med «Little Jasper» (Non-album track)

51 Greatest Hits
«Monkey-Shine»

med «Long Gone»

47 47 Non-album tracks
1964 «Comin' On»

med «Soft Winds» (Non-album track)

67 Bill Black's Combo Plays The Blues
«Tequila» / 91 Solid and Raunchy
«Raunchy» 118
«Little Queenie»

med «Boo-Ray»

73 Bill Black's Combo Plays Tunes By Chuck Berry
1965 «So What»

med «Blues For The Red Boy» (Non-album track)

89 The Untouchable Sound of Bill Black's Combo
«Come On Home»

med «He'll Have To Go»

124 More Solid and Raunchy
«Spootin'»

med «Crazy Feel»

135 Mr. Beat
1966 «Hey Good Lookin'»

med «Mountain Of Love»

124 All-Timers
«Rambler»

med «You Call Everybody Darling»

Black Lace
1967 «Son Of Smokie»

med «Peg Leg»

Non-album tracks
1968 «Turn On Your Love Light»A

med «Ribbon Of Darkness» (frå Bill Black's Beat Goes On)

82 Turn On Your Love Light
«Bright Lights, Big City»

med «Red Light» (Non-album track)

1969 «But It's Alright»

med «Slow Action»

Black With Sugar
«California Dreamin'»

med «The Funky Train»

«Creepin' Around»

med «Son Of Hickory Holler's Tramp»

Solid and Raunchy The 3rd
  • ANådde òg 82. plassen på den kanadiske singellista.

1970-åra

endre
År Tittel Plassering Album
US Country
1975 «Back Up and Push» 84 World's Greatest Honky-Tonk Band
«Boilin' Cabbage» 29 Bill Black Combo* Featuring Bob Tucker* – Solid & Country
1976 «Fire on the Bayou» 37 World's Greatest Honky-Tonk Band
«Jump Back Joe» 100
«Redneck Rock» 89 It's Honky Tonk Time
1978 «Cashin' In (Tribute to Luther Perkins)» 96 Award Winners

Kjelder

endre
  1. Colin Larkin (2011). The Encyclopedia of Popular Music. Omnibus Press. s. 2006. 

Bakgrunnsstoff

endre