William Frederick Gibbons (fødd 16. desember 1949)[1] er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar, produsent og skodespelar, mest kjend som gitarist og vokalist i det amerikanske rockebandet ZZ Top. Han byrja karrieren sin i Moving Sidewalks, som spelte inn Flash (1968) og varma opp for Jimi Hendrix Experience fire gonger. Gibbons skipa ZZ Top seint i 1969 og dei gav ut ZZ Top's First Album i 1971.

Billy Gibbons
Billy Gibbons of ZZ Top performing in San Antonio, Texas 2015.jpg
Gibbons i 2015
Fødd16. desember 1949 (70 år)
FødestadHouston, Texas i USA
FødenamnWilliam Frederick Gibbons
OpphavUSA
AktivSidan 1967
SjangerHardrock, boogierock, bluesrock, blues
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Tilknytte artistarZZ Top, Moving Sidewalks, Jimi Hendrix, Brooks & Dunn, Roky Erickson, Nickelback, Queens of the Stone Age, DJ Screw, Screwed-up Click, Buddy Guy, Slash, Supersonic Blues Machine, Lance Lopez
PlateselskapRhino Entertainment Company, RCA Records, Warner Bros. Records, London Records
Verka somMusikar, låtskrivar, skodespelar

Gibbons har òg spelt med andre artistar og på TV-how, mellom anna på Bones. Han vart rangert på 32. plassen på lista til Rolling Stone frå 2011 over dei 100 beste gitaristane gjennom tidene.[2]

KjelderEndra

  1. «Happy Birthday, Billy Gibbons of ZZ Top!». MTV. 16. desember 2010. 
  2. «100 Greatest Guitarists». Henta 29. september 2018. 

BakgrunnsstoffEndra