Binzhou
Binzhou (kinesisk: 滨州市; pinyin: Bīnzhōu) er eit byprefektur nord i provinsen Shandong i det austlege Kina. Byprefekturet har eit areal på 9 445 km² og i kring 3,7 millionar ibuarar. Størstedelen av Binzhou ligg på nordbreidda av Huang He.
Byprefekturet Binzhou omfattar eitt distrikt (区 qū) og seks fylke (县 xiàn).
Næring
endreKjemisk industri og tekstilindustri er viktigaste næringsgreinene i Binzhou. Etter oljefeltet Shenglifeltet vart oppdaga i granneprefekturet Dongying på 1960-talet, har noko av oljeindustrien verksemder også i Binzhou. Mellom dei store føretaka i Binzhou er tekstilprodusenten Weiqao og den nye bilfabrikken Binzhou Pride.
Samferdsle
endreKinas riksveg 205 passerer gjennom området. Vegen byrjar i Shanhaiguan i Hebei og ender opp i Shenzhen, sør i provinsen Guangdong. Undervegs fører han gjennom Tangshan, Tianjin, Zibo, Huai'an, Nanjing, Wuhu, Sanming, Heyuan og Huizhou.
Kinas riksveg 220 går frå Binzhou til Zhengzhou i Henan.
Historie
endreMenneske har budd i Binzhou-området sidan steinalderen. Under Shang-dynastiet vart området kalla Pugu. Namnet Binzhou fekk i perioden med dei fem dynastia, på grunn av at landet ligg ved Bohaibukta.
Sun Tzu vart kanskje fødd i dette området, i fylket Huimin, som på hans tid låg under Qi-riket.
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Binzhou» frå Wikipedia på engelsk, den 2. november 2012.