Bioforsk
Bioforsk er eit moderne, norsk forskingsinstitutt med spisskompetanse innan landbruk, matproduksjon, miljø og ressursforvalting. Frå 2015 er Bioforsk fusjonert med Norsk institutt for skog og landskap og Norsk institutt for landbruksøkonomisk forskning til Nibio. Bioforsk har også fokus på forskingsbasert innovasjon, verdiskaping og berekraftig ressursbruk. Bioforsk har som mål å vera ein regional, nasjonal og internasjonal konkurransedyktig produsent av kunnskap, tenester og løysingar.
Organisering
endreBioforsk vart oppretta 1.1.2006 som resultat av ein fusjon mellom Planteforsk, Jordforsk og NORSØK. Bioforsk er i dag organisert under Landbruks- og matdepartementet. Bioforsk har sju forskingssenter, om lag 500 tilsette og avdelingar over heile landet frå Agder i sør til Finnmark i nord. Dette gjev nærleik til marknaden og nærleik til utfordringane. Den sentrale leiinga og administrasjonen i Bioforsk held til på Ås i Akershus.
Avdelingar
endreBioforsk Plantehelse
endreBioforsk Plantehelse har hovudansvar for forsking og utvikling innan plantehelse og plantevern. Senteret har spesialkompetanse på plantesjukdomar, ugras, klimaeffektar, skadedyr, genetikk og bioteknologi. Integrert plantevern, biologiske nedkjempingsmetodar og varslingssystem er viktige arbeidsområde. Senteret arbeider også med landbruksmeteorologi, økotoksikologi og risikoanalysar. Bioforsk Plantehelse held til på Ås i Akershus.
Bioforsk Jord og miljø
endreBioforsk Jord og miljø har hovudansvar for jord-og miljøforsking. Senteret har spesialkompetanse innan jord og jordkvalitet, jordforureining, miljøgifter og økotoksikologi, avfall og avfallshandtering, avløp og naturbaserte reinseløysingar, hydrologi, vasskvalitet, arealbruk og terrestriske klimaeffektar. Hovudkontoret ligg på Ås i Akershus. I tillegg har senteret ei avdeling på Svanvik i Aust-Finnmark som er leiande på kunnskap om natur og miljø i Barentsregionen. Her finst også Svanhovd Konferansesenter og Øvre Pasvik Nasjonalparksenter.
Bioforsk Aust
endreBioforsk Aust har hovudansvar for forsking og utvikling innan korn, oljevekster, erter, frøavl, potet, grønsaker og urter. Senteret arbeider også med forsking på m.a. bær, grovfôr, gras til grøntanlegg, småfe, økologisk landbruk, presisjonsjordbruk og landbruksbasert næringsutvikling i fjellbygdene. Hovudkontoret ligg på Kapp i Oppland, men senteret har også avdelingar i Nes i Hedmark, Grimstad, Kvikne og i Valdres.
Bioforsk Vest
endreBioforsk Vest har hovudansvar for forsking og utvikling innan hagebruk og grøntmiljø. Senteret har spesialkompetanse på frukt og bær, dyrking av grønsaker og bær i veksthus, produksjon av juletre og pyntegrønt, samt etablering og ivaretaking av grøntanlegg, inkludert gras til sports- og fritidsanlegg. Senteret arbeider også med grovfôr og kulturlandskap. Hovudkontoret ligg på Klepp kommune i Rogaland, men senteret har også avdelingar på Lofthus i Ullensvang herad, og i Fjaler kommune.
Bioforsk Midt-Noreg
endreBioforsk Midt-Noreg har hovudansvar for forsking og utvikling innan grovfôr og kulturlandskap. Senteret arbeider i tillegg med korn, bær, veksthuskulturar, grønsaker, potet og bioenergi. Bioforsk Midt-Norge held til på Kvithamar i Stjørdal, Nord-Trøndelag.
Bioforsk Økologisk
endreBioforsk Økologisk er eit nasjonalt kompetansesenter innan økologisk landbruk. Den primære oppgava til senteret er forsking og utvikling innan økologisk mat- og landbruksproduksjon. Senteret arbeider med heile verdikjeden frå ”jord til bord”. Bioforsk Økologisk held til i Tingvoll på Nordmøre.
Bioforsk Nord
endreBioforsk Nord har hovudansvar for forsking og utvikling innan arktisk landbruk og utmark. Senteret har spesialkompetanse på ville bær, samt næringsmessig bruk og utvikling av utmark og innlandsfiskeressursane. Senteret er ein viktig tilretteleggjar for innovasjonsbasert utvikling i nordnorsk landbruk og naturbruk. Hovudkontoret ligg i Tromsø, men senteret har også avdelingar i Bodø og på Tjøtta.
Sjå også
endre- Wikipedia sin artikkel om Bioforsk på bokmål
- Bioforsk sine nettsider Arkivert 2016-01-10 ved Wayback Machine.