Birgitte Grimstad
Birgitte Grimstad' (fødd 15. desember 1935) er ein dansk-norsk visesongar fødd i København.
Birgitte Grimstad | |
Fødd | 15. desember 1935 (87 år) |
---|---|
Fødestad | København |
Opphav | Noreg |
Aktiv | 1966– |
Instrument | vokal |
Verka som | songar, komponist, plateartist |
Far | Aksel Schiøtz |
Gift med | Per Øystein Grimstad |
Prisar | Spellemannprisen i visesang |
Grimstad er dotter av den danske songaren Aksel Schiøtz. Ho hat teaterutdanning frå USA, og har budd i Oslo sidan 1959. Ho jobba mange år i NRK, blant anna med barne-TV. Ho har ei omfattande konsertkarriere i Noreg og Danmark, men òg elles i Europa og USA. Saman med Åse Kleveland, Lars Klevstrand og Lillebjørn Nilsen var ho med i visegruppa Ballade!, som hadde eit repertoar som omfatta både mellomalderballadar, folkeviser, protestviser og kyrjemusikk.
I dei siste åra har ho arbeidd med teater og musikk både på Den Norske Opera, Det Norske Teatret, Seniorteateret, og med eigne soloførestillingar i friteateret Lille Vindharpe og med eventyra til H.C. Andersen.
Birgitte Grimstad har òg arbeidd som stemmepedagog.
PrisarEndra
- 1971 Musikkritikerprisen
- 1973 Spellemannprisen 1972 i klassen visesong
- 1981 Spellemannprisen 1980 i klassen visesong som medlem av gruppa Ballade!
- 1985 Gammleng-prisen
- 1987 Fritt Ords honnør
- 1999 Alf Prøysens Ærespris
DiskografiEndra
- 1968 Viser er så meget
- 1969 Barne-LP
- 1969 Ballads etcetera
- 1972 Viser i vinden
- 1973 Ej blot til børn
- 1977 Ord over grind
- 1978 En Dobbel Deylighet. Songar av Petter Dass, saman med Erik Bye
- 1978 Ballade! På turne. Live opptak fra Sandvika kino
- 1978 Ballade!
- 1980 Ballade! Ekstranummer.
- 1982 Pas på de vilde fugle
- 1991 After a Visit in the Greenhouse of Dreams
- 1996 51 Beste 1966–1994
- Love is a Flow
- Wondering and calling
BøkerEndra
- 1969 Fra Birgitte Grimstads repertoar. Norsk Musikforlag. 24 sider
- 1972 Menneskeviser. Gyldendal. 112 sider