Bjørg

kvinnenamn

Bjørg er eit kvinnenamn med opphav i det norrøne ordet bjǫrg, som tyder 'berging', 'hjelp' eller 'vern'. Namnet har vore mykje brukt som etterledd i samansette namn, som til dømes Ingebjørg, Oddbjørg og Torbjørg, og kan vere ei kortform av slike namn.

Politikaren Bjørg Tørresdal.
Foto: Jarle Vines

I Noreg har Bjørg namnedag 11. juni.

Bruken av namnet Bjørg i Noreg

endre

Namnet var svært populært i tida 1920-1950; bruken har gått sterkt attende dei siste tiåra.

I folketeljinga i 1801 skreiv ikkje teljarane ned nokon med namnet Bjørg eller med kvinnenamn som inneheldt leddet Bjørg-. I 1900 oppgav 22 kvinner at dei heitte Bjørg, medan 3 700 oppgav namn som slutta på Bjørg. I dag er det nær 20 000 som har Bjørg til første fornamn.

Namneberarar

endre

Bjørg som namnedel

endre

Namn som byrjar med Bjørg, Borg eller Berg:

Namn som endar med -bjørg og -borg





Kjelder

endre