Bjørn Bjørnson

Bjørn Bjørnson (15. november 185914. mai 1942) var ein norsk skodespelar, dramatiker, journalist og første teatersjef på Nationaltheatret i Oslo.[1] Som skodespelar var Bjørnson først og fremst aktiv som teaterskodespelar, men han spelte òg i fleire stumfilmar. Han var son av forfattaren Bjørnstjerne Bjørnson.

Bjørn Bjørnson
Bjørn Bjørnson 1922.jpg
Fødd15. november 1859
FødestadChristiania
Død14. april 1942 (82 år)
DødsstadOslo
Verka somjournalist, teaterskodespelar, filmskodespelar, skribent
MorKaroline Bjørnson
FarBjørnstjerne Bjørnson
EktefelleJenny Sandberg Bjørnson, Gina Oselio
Karoline og Bjørnstjerne Bjørnson ca. 1898, med borna (bak frå venstre) Dagny Sautreau, Bjørn Bjørnson, Einar Bjørnson, Erling Bjørnson og Bergliot Ibsen.
Foto: Ludvig Forbech/Nasjonalbiblioteket bildesamling

Liv og virkeEndra

BakgrunnEndra

Han var fødd i i Christiania som son av Bjørnstjerne og Karoline Bjørnson.

TeateretEndra

 
Bjørn Bjørnson er nummer to frå høgre i dette biletet frå Nationaltheatret i 1903. Elles ser ein frå venstre komponist Johan Halvorsen, skodespelar Olaf Mørch Hansson, Bjørnson og skodespelar Olav Voss.

I Wien vart Bjørn Bjørnson elev av Julius Stern, og lærte musikk nokre månader før han gjekk over til å læra om skodespel. Han fekk endeleg debutera i Wien i 1880, då han fingerte ei rolle som seg sjølv i ein heksefortelljng. Etter å ha vore fast tilsett som statist ved hertug Georg II av Sachsen-Meiningen sitt hoffteater, hadde han strøjobbar i sveitsiske St. Gallen og i Paris, før han i 1883 fekk vera fire månader ved byteateret i Hamburg med Bernhardt Pollini som sjef

Frå 1885 til 1893 var han instruktør ved Christiania Theater og dessutan av og til med sjølv som skodespelar, som då han etterlikna faren i rollen som professor Tygesen i komedien «Geografi og Kærlighet» som faren skreiv i 1885. Bjørnson sa opp stillinga i 1893 og jobba ved Dagmarteateret i København, i alle fall frå 1895 til 1896. Han var sentral i etableringa av Nationaltheatret, og var den første sjefen der frå 1899 til 1907 då han følte seg utsliten og gav seg. Etter å ha vore kulturjournalist rapporterande frå Mellom-Europa, var han atter sjef ved Nationaltheatret frå 1923 til 1927. Han gav seg ikkje som skodespelar før i 1929, igjen i rolla som Tygesen.

Ekteparet Bjørnson flytta i 1930 til sitt nybygde «Casa Bjørnson» i alpelandsbyen Siusi, der òg Sigurd Ibsen og systera til Bjørn, Bergljot Bjørnson, hadde budd sidan 1922 i sin «Villa Ibsen».[2] Bjørnson, som hadde treft frigjeringshelten Giuseppe Garibaldi som fjortenåring (då faren budde i Roma), vitja òg Mussolini (1883–1945) som ville treffa han. Bjørn og Eileen flytta attende til Oslo i 1939, i tide for åttiårsdagen hans, og rekte akkurat å få møblane over den italienske grensa før ho vart sperra.

Mellom 1899 og 1941 hadde han heile 143 roller berre på Nationaltheatret. Dessutan var Bjørnson å sjå i ei rekkje skandinaviske stumfilmar.

EkteskapEndra

Bjørnson var gift 1886–1890 med pensjonateigaren Jenny Sandberg Bjørnson, så 1893–1909 med den norske operasongaren med artistnamnet Gina Oselio og frå 1909 med Eileen Bendix (fødd Cohn). Eileen hadde jødisk bakgrunn.[3] Broren Erling var elles aktiv NS-mann under andre verdskrigen.

Bjørn Bjørnson er gravlagd i æreslunden på Vår Frelsers gravlund saman med Eileen.

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. Denne artikkelen byggjer mykje på ein biografi av teatermeldaren Anton Rønneberg (1902–1989) og ført videre av Svend Erik Løken Larsen (født 1956), «Bjørn Bjørnson» i Store norske leksikon.
  2. Eileen Bjørnson (1946). Boken om Bjørn. Gyldendal.  [244 sider]
  3. Dahl, Hans Fredrik (1992). Vidkun Quisling : En fører for fall. Aschehoug. ISBN 8257409782. 

ReferansarEndra