Bjørn Erik Thon
Bjørn Erik Thon (fødd 6. februar 1964) er ein norsk jurist og forfattar. Mellom 2000 og 2010 var han Forbrukarombod, frå 2. august 2010 til 1. august 2022 direktør for Datatilsynet, og frå 2022 likestillings- og diskrimineringsombod.[1][2]
Bjørn Erik Thon | |||
| |||
Fødd | 6. februar 1964 (60 år) | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | embetsmann, politisk rådgiver | ||
Utdanna ved | Det juridiske fakultetet ved Universitetet i Oslo | ||
Verv | Forbrukarombod 2010–2022 | ||
Føregangar | Torfinn Bjarkøy | ||
Etterfylgjar | Gry Nergård | ||
Verv | Direktør for datatilsynet | ||
Føregangar | Georg Apenes | ||
Etterfylgjar | Line Coll | ||
Alle verv |
Karriere
endreThon blei utdanna cand.jur. i 1989 og har arbeidd som seksjonssjef i Forbrukarrådet, advokat- og dommerfullmektig, og var politisk rådgjevar for Odd Einar Dørum i Justisdepartementet i tida 1999–2000. Han har skrive fleire kriminalromanar og bøker om forbrukarspørsmål.
Thon blei 28. mai 2010 oppnemnd som direktør i Datatilsynet, han etterfølgde Georg Apenes.[3]
Bibliografi
endre- Svart kappe – kriminalroman (2000)
- Den tause klienten – kriminalroman (2002)
- Den enes død – kriminalroman (2004)
- Forbrukerjungelboka – fagbok (2005), medforfattar Ola Fæhn
Kjelder
endre- ↑ Kulturdepartementet (19. november 2021). «Pressemelding: Bjørn Erik Thon er nytt likestillings- og diskrimineringsombud». Regjeringen.no (på norsk). Henta 21. mars 2022.
- ↑ «Første mannlige likestillingsombud: – Kona lager aldri mat». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). 24. februar 2022. Henta 21. mars 2022.
- ↑ Thon ny direktør i Datatilsynet
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Bjørn Erik Thon i BIBSYS