Bjørn Odmar Andersen

norsk fotballspelar

Bjørn Odmar Andersen (14. mars 19434. januar 2008) var ein norsk fotballspelar frå Horten, som vart seriemeister SK Brann i 1963 og cupmeister med Strømsgodset IF i 1969, 1970 og 1973, og seriemeister i 1970. Han var vengspelar.

Bjørn Odmar Andersen
Fødd 14. mars 1943
Fødestad Horten kommune
Død 4. januar 2008
Dødsstad Horten kommune

Klubbspel endre

Andersen var Ørn-spelar til 1962, deretter spelte han på bergensklubben Brann i 1963 og 1964, då han var vernepliktssoldat på Haakonsvern. Med Brann vart han seriemeister i 1963. Sesongane 1965-68 spelte han på Ørn i 2. divisjon.

Framom 1969-sesongen melde Andersen overgang til Strømsgodset og var med på i ei stordomstid for Drammens-klubben. Allereie i 1969 vart han norsk meister då Strømsgodset drog det lenhste strået finaleomkampen mot Fredrikstad Fotballklubb. Og året etter vann Strømsgodset både eriemeisterskapen og cupmeisterskapen. I 1973 fekk Andersen sitt tredje NM-gull då Strømsgodset vann 1-0 over Rosenborg BK i cupfinalen på Ullevaal stadion.

Frå 1974 var Andersen atter ein gong Ørn-spelar, til å byrje med i 3. divisjon. Han var spelande trenar for laget frå 1976-sesongen og leia Ørn opp til 2. divisjon, men det vart direkte nedrykk i 1977.

Landslagsspel endre

Andersen debuterte på landslaget 16. mai 1961 i Bergen, då Noreg og Mexico spelte uavgjort 1-1. Han var rimeleg fast på landslaget i sesongane 1961 og -62 og deltok i ni landskampar som Ørn-spelar. Andersen spelte sin tiande og siste landskamp 15. september 1963, då Noreg på heimebane rauk på eit stortap mot Danmark.

Kjelder endre