Bjurholms kommun
Bjurholm kommune ligg i det svenske länet Västerbottens län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunane Nordmaling, Vännäs, Vindeln, Lycksele og Åsele i Västerbottens län og til Örnsköldsvik i Västernorrlands län. Administrasjonssenter i kommunen er Bjurholm.
Bjurholms kommun | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Sverige | ||
---|---|---|---|
Len | Västerbottens län | ||
Landskap | Ångermanland | ||
Del av | Västerbotten, Q61680002, Q61669471, Ångermanland | ||
Areal | 1 363,77 km² | ||
• land | 1 306,75 km² | ||
• vatn | 57,02 km² | ||
Folketal | 2 443 (2011[1]) | ||
Bjurholms kommun 63°55′00″N 19°13′00″E / 63.916666666667°N 19.216666666667°E | |||
Kart som viser Bjurholms kommun.
| |||
Wikimedia Commons: Bjurholm Municipality |
Bjurholm er den minste kommunen i Sverige målt i folketal.[2]
Historie
endreBjurholm sokn braut i 1808 ut frå Nordmaling sogn. Då kommunalforordninga av 1862 tredde i kraft vart soknet ein landskommun. Municipalsamhället Bjurholm vart etablert i 1934 og oppløyst i 1962. I 1974 vart Bjurholm kommune innlemma i Vännäs kommune, men av ulike årsaker vart Bjurholm igjen skilt ut som eigen kommune igjen i 1983.
Kommunekommunevåpen
endreBlasonering: I eit blått felt, ein bølgjete bjelke av gull, med ein gåande svart bever med tunge, tenner og raude klør.[3]
På eit soknsegl frå 1800-talet fann ein ein bever, som vart lagt til grunn for kommunevåpenskjoldet, som vart teken i bruk i 1951. Ordet bjur tyder òg bever. Våpenet vart teken ut av bruk då Bjurholm kommune vart teken opp i Vännäs kommune i 1974, men vart teken i bruk igjen etter oppdelinga i 1983.
Tettstader
endreBjurholm kommune hadde berre ein tettstad i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.
# | Tettstad | Innbyggjarar |
---|---|---|
1. | Bjurholm | 987 |
Det er tre mindre tettstader i Bjurholm kommune:[4]
Nr | Tettstad | Folkemengd |
---|---|---|
1 | Agnäs | 134 |
2 | Balsjö | 84 |
3 | Karlsbäck | 53 |
Venskapsbyar
endreBjurholm kommune har to vennskapsbyer:[5]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bjurholm kommune» frå Wikipedia på bokmål, den 27. juni 2012.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Folketalsstatistik kvartal 3 2011. Statistiska centralbyrån (30. september 2011). Besøkt 7. januar 2012.
- ↑ Statistiska centralbyrån - Folkmängd i riket, län och kommuner efter kön och ålder 31 december 2009
- ↑ Heraldik.se – Bjurholm
- ↑ Statistiska centralbyrån
- ↑ Offisiell heimeside, arkivert frå originalen 19. februar 2012, henta 27. juni 2012