Blålauk

planteart

Blålauk (Allium caerulum) er ei plante i laukslekta i påskeliljefamilien.[1] Arten har tidlegare òg vore kjend under det vitskaplege namnet A. azureum og har vore kalla asurlauk eller azurlauk på norsk. Han høyrer naturleg heime i Nord- og Sentral-Asia.[2][3]

Blålauk
Blålauk
Blålauk
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Påskeliljefamilien Amaryllidaceae
Underfamilie: Alliaceae Allioideae
Stamme: Allieae
Slekt: Laukslekta Allium
Art: Blålauk A. caeruleum
Vitskapleg namn
Allium caeruleum

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante. Prydlauk er forvilla i Botanisk hage i Oslo frå 1947 og i Frogn på 2000-talet.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO),[4] oppgradert frå ingen kjend risiko (NK) i 2018.[5]

Asurlauk blir vanlegvis rundt 50-60 cm høg, men stilken kan variera frå 25 til 85 cm.[6] Planta har sterkt asurblå blomar. Ho har vore nytta som prydplante i lang tid, og er omtala i Flore des Serres et des Jardins de l'Europe av Charles Antoine Lemaire (1800-1871). Ho blir sjeldan eten av dyr.[3]

Bilete

endre

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Blålauk». Artsdatabanken. 9. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 1148. 
  3. 3,0 3,1 «Allium caeruleum». ces.ncsu.edu. NC State University. 
  4. «Fremmedartslista 2023: blåløk Allium caeruleum Pall.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  5. «Fremmedartslista 2018: Allium caeruleum». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 9. mars 2023. 
  6. «Allium caeruleum Pall. - Blue globe onion». agroatlas.ru. Agroatlas. 

Bakgrunnsstoff

endre