Blåråke
Blåråke (Coracias garrulus) er ein fargerik fugl og ein stor medlem av råkefamilien. Han hekkar i sørlege og austlege Europa, Nordvest-Afrika, Midt-Austen og Sentral-Asia. Alle blåråkar er trekkfuglar og overvintrar vanlegvis i Afrika sør for Sahara.
Blåråke | |
Blåråke Foto: Christian Svane
| |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av blåråke | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Råkefuglar Coraciiformes |
Familie: | Råkefamilien Coraciidae |
Slekt: | Coracias |
Art: | Blåråke C. garrulus |
Vitskapleg namn | |
Coracias garrulus |
Taksonomi
endreRåkar kan minne om sporvefuglane kråker i storleik og kroppsbygging. Men råkar er medlem av ordenen råkefuglar der dei deler tendensen til fargerik utsjånaden med mellom anna isfuglar, bietarar og motmotar, alle med blått, rosa eller kanelbrunt som dominerande fargar.
Det er skildra to underartar som er separerte geografisk, nominatforma finst i det meste av hekkeområdet, medan C.g. semenowi hekkar i søraustlegste delen av området: Irak og sørlege Iran aust gjennom Kashmir og sørlege Kasakhstan til Xinjiang i det vestlege Kina.
Skildring
endreBlåråke er ein tettvaksen fugl, på storleik med ei kaie på ca. 31-32 centimeter i kroppslengd og masse på ca. 130 til 150 gram.[1] Han manglar lange stjertspyd som mange andre råkar har, hovudet er relativt stort med eit svart, kraftig nebb. Fjørdrakta i dominert av lyseblått, men ryggen er brun.
Denne arten føretrekker varmt klima og lever i opne landskap med spreidde trevekstar av til dømes eik og furu. I Afrika lever han på tørre busk- eller skogkledd sletteland. Dei sit ofte på ei litt høg grein og inspiserer bakken for byttedyr, men kan òg fange insekt i lufta. Føda er generelt virvellause dyr, dei tar gjerne insekt med harde skal slik som biller.
Lætet er harde, kråkeliknande lydar. Det gjev håse skrik om dei blir uroa.
Den globale populasjonen er estimert til 100 000 til 0,5 mill individ og er trudd å vere stabil. I dag er han klassifiset som livskraftig, tidlegare nær truga.[2]
Kjelder
endre- Fry, H., Boesman, P., Kirwan, G.M. & Sharpe, C.J. (2016) European Roller (Coracias garrulus) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 4. desember 2016
- Referansar
- ↑ Fry et al, HBW Alive (2016)
- ↑ BirdLife International (2016) Species factsheet: Coracias garrulus. Henta frå http://www.birdlife.org den 4. desember 2016