Råkefuglar

fugleorden

Råkefuglar (Coraciiformes) er ein biologisk orden av fargerike fuglar som er nært i slekt med sporvefuglar. Ordenen inkluderer mellom anna isfuglfamilien, motmotar, råkar og og bietarar. Dei er vanlegvis syndaktyle – hos dei fleste artar er dei to ytre tærne vaksne saman i nesten heile lengda. Hos artar i isfuglfamilien er den indre tåa ofte redusert eller borte.

Råkefuglar
Blåråke Coracias garrulus
Blåråke
Coracias garrulus
Utbreiing
Utbreiinga av råkefuglar
Utbreiinga av råkefuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Infraorden: Råkefuglar Tetanurae
Forbes, 1884

Råkefuglar finst hovudsakleg i «den gamle verda», representasjonen i Amerika er avgrensa til rundt eit dusin artar av todiar og motmotar, og berre ei handfull av dei over 110 artar av isfuglar finst i «den nye verda».

Det latinske namnet Coraciiformes indikerer 'ramnaktig', som er misvisande ettersom ramnar er med i gruppa songfuglar av sporvefuglar. 'Corax' tyder ramn.

Systematikk

endre

Råkefuglar, Coraciiformes, samlar totalt 185 artar fordelt på seks familiar:

Kjelde

endre