Black Country Woman

Black Country Woman
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Physical Graffiti
A-side

«Trampled Under Foot»

Språk engelsk
Utgjeve 24. februar 1975
Innspelt 1972
Sjanger Bluesrock
Lengd 4:24
Selskap Swan Song
Komponist Jimmy Page
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«D'yer Mak'er» / «The Crunge»
(1973)
Black Country Woman «Candy Store Rock» / «Royal Orleans»
(1976)


«Black Country Woman» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart opphavleg spelt inn under innspelinga av Houses of the Holy, to år tidlegare.

«Black Country Woman» var ein akustisk song som vart spelt inn i hagen til Mick Jagger i Stargroves, i 1972 (omkring samstundes som «D'yer Mak'er»).[1] I byrjinga av songen kan ein høyre lydteknikar Eddie Kramer som seier «Shall we roll it Jimmy?» (Skal me starte, Jimmy?) etterfølgd av «Don't want to get this airplane on» (vil ikkje ha med det flyet) om eit fly som ein kan høyre i bakgrunnen, før Robert Plant svarar «Nah, leave it, yeah» (nei, la det vere).

Innspelinga utandørs viste seg å vere vanskeleg. Ein gong i Headley Grange då Plant prøvde å gå ut for å synge ein song, vart han angripen av ein flokk sinte gjæser.[1]

Opphavleg heitte songen «Never Ending Doubting Woman Blues».[1] Black Country er eit område nær Birmingham der Robert Plant voks opp.

«Black Country Woman» vart berre spelt på nokre få konsertar med Led Zeppelin då han vart blanda inn ein medley med «Bron-Yr-Aur Stomp» i USA i 1977. Med dette arrangementet spelte John Paul Jones kontrabass. Songen vart spelt i sin heilskap ein gong, i Seattle i juni 1972. Songen vart spelt av Robert Plant og Alison Krauss under turneen deira etter Raising Sand.[2]

Medverkande endre

Andre versjonar endre

  • 2006: Christie Winn and the Lowdowns (Further Away from Here)
  • 2007: Letz Zep (Letz Zep II: Live in London)
  • 2008: Robert Plant and Alison Krauss

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. «Music Review - Robert Plant and Alison Krauss Find Harmony in Tension, New York Times, Nate Chinen, June 12, 2008». The New York Times. 12. juni 2008. Henta 26. mars 2011.