D'yer Mak'er
Singel av Led Zeppelin
frå albumet Houses of the Holy
B-side

«The Crunge»

Språk engelsk
Utgjeve 17. september 1973
Innspelt Mai 1972, i Stargroves med Mobile Studio
Sjanger Reggae
Lengd 4:23
Selskap Atlantic
Tekstforfattar Jimmy Page
Låtskrivar(ar) John Bonham, John Paul Jones, Jimmy Page, Robert Plant
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi 
«Over the Hills and Far Away» / «Dancing Days»
(1973)
D'yer Mak'er «Trampled Under Foot» / «Black Country Woman»
(1974)


«D'yer Mak'er» (vert på britisk uttalt på same måte som «Jamaica», dʒəˈmeɪkə) er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin, frå albumet Houses of the Holy i 1973.

Oversyn endre

Songen var meint å imitere reggae frå Jamaica som dukka opp tidleg i 1970-åra. Songen kom til under ei øving i Stargroves i 1972, då trommeslagar John Bonham starta å slå ein rytme som minna om doo-wop frå 1950-åra, og så endra litt på tempoet, slik at ein fekk ein reggae-liknande rytme.[1] Den særeigne trommelyden vart skapt ved at tre mikrofonar vart plasserte i god avstand frå trommene til Bonham.

«D'yer Mak'er» er ein av få Led Zeppelin-songar der alle dei fire medlemmane er tilskrivne som låtskrivarar. På plateomslaget er òg Rosie and the Originals tilskriven,[1] ein referanse til doo-wop-påverknaden i songen.

Denne songen, i lag med «The Crunge», vart først ikkje teken seriøst av mange lyttarar, og somme kritikarar gav desse to songane hard kritikk.[1] I eit intervju i 1977 refererte Page til den negative responsen:

« Eg hadde ikkje venta at folk ikkje skulle skjøne det. Eg trudde det var ganske opplagt. Sjølve songen var ein mellomting mellom reggae og 50-talssongen «Poor Little Fool», ting av Ben E. King, og slike ting.[2] »

Led Zeppelin-bassist John Paul Jones har uttrykt at han mislikar songen og indikerte at det starta som ein spøk og vart ikkje tenkt nøye nok gjennom.[1] «D'yer Mak'er» har med tida fått respekt hos kritikarane og har etter kvart vokse til ein Led Zeppelin-klassikar. Då albumet kom ut ønskte Robert Plant å gje ut songen som singel i Storbritannia. Atlantic Records gjekk så langt som å sende promo-utgåver til DJar. Songen vart gjeven ut i USA, der han nådde 20. plass i desember 1973, men aldri i Storbritannia.[1]

Songen vart aldri framført i sin heilskap på konsertane til Led Zeppelin, men ein kunne høyre bitar av han under «Whole Lotta Love» på den nordamerikanske turneen i 1975, og under «Communication Breakdown» i Earl's Court same året.

Uttalen av tittelen endre

Namnet på songen kjem frå ein gammal engelsk vits, som ikkje gjev mykje meining på norsk: «My wife's gone to the West Indies.» (kona mi har dratt til Vestindia) «Jamaica?» (som har liknande uttale som «D'you make her?», som tyder «tvinga du ho?») «No, she went of her own accord» (nei, ho reiste frivillig). Under eit intervju i 2005 snakka vokalist Robert Plant om songen og sa at han syns det var morosamt når folk uttalte tittelen som «Dire Maker».

Lovord endre

Publikasjon Land Lovord År Rangering
Radio Caroline Storbritannia Top 500 Tracks[3] 1999 453

Medverkande endre

Andre versjonar endre

«D'yer Mak'er» er spela inn av fleire andre artistar og omsett til fleire språk, mellom anna portugisisk. Han vart mellom anna spela av Eek-A-Mouse, Sheryl Crow, Bon Jovi og Stefani Germanotta (som seinare vart Lady Gaga).

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.
  2. Dave Schulps, Interview with Jimmy Page Arkivert 2011-08-20 ved Wayback Machine., Trouser Press, oktober 1977.
  3. «Top 500 Tracks - 1999». Radio Caroline. Arkivert frå originalen 18. mai 2015. Henta 26. mars 2011.