Opna hovudmenyen
Black Night
Singel av Deep Purple
B-side «Speed King»
«Living Wreck»
Utgjeve 5. juni 1970
Innspelt mai 1970 i De Lane Lea
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 3:28
Selskap Harvest Records (UK)
Warner Bros. (US)
Låtskrivar(ar) Ritchie Blackmore
Ian Gillan
Roger Glover
Jon Lord
Ian Paice
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi
«River Deep - Mountain High»
(1969)
Black Night «Strange Kind of Woman»
(1971)


«Black Night» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple, først gjeven ut som singel i juni 1970. Seinare vart songen gjeven ut som bonusspor på 25-årsjubileumsutgåva av albumet In Rock. Songen vart ein hit og nådde andreplassen i Storbritannia, den høgaste plasseringa bandet nokon gong klarte i heimlandet. Det var òg den første singelen deira som vart skriven av bandet.

Innhaldsliste

Skriveprosess og innspelingEndra

In Rock var ferdig bad EMI om ein singel som dei kunne marknadsføre albumet med. Sjølv om Roger Glover hevdar at Ricky Nelson sit rockearrangement av George Gershwin-klassikaren «Summertime» frå 1962 var grunnlaget for «Black Night»,[1] har han òg likskap med Blues Magoos sin psykedeliske hitsong «(We Ain't Got) Nothin' Yet» frå 1966.[2] I BBC-dokumentaren «Heavy Metal Britannia» støttar organisten Jon Lord Glover på dette og sa at «Black Night vart stolen frå basslinja i Ricky Nelsons Summertime» som så spelte basslinja på klaveret sitt.[3]

KonsertversjonarEndra

«Black Night» hamna raskt på setlista til bandet, hovudsakleg som første ekstranummer. Songen vart ikkje spelt i sin heilskap etter at Ian Gillan og Roger Glover forlet bandet i 1973, men delar av han vart ofte spelt av Ritchie Blackmore som ein del av improvisasjonane hans. Under gjenforeininga av Deep Purple i 1984 kom «Black Night» attende til setlista. Det finst mange konsertopptak av songen på forskjellige konsertalbum.

MedverkandeEndra

Andre versjonarEndra

KjelderEndra

  1. «The Making of Black Night». Rumba Magazine. 1993. Henta 28. mai 2012. 
  2. Smith, Sid (18. april 2007). «Deep Purple In Rock Review». BBC Music. 
  3. BBC-Heavy Metal Brittania: at the 42:30 timeframe of the programme