Strange Kind of Woman

Strange Kind of Woman
Singel av Deep Purple
B-side

I'm Alone

Utgjeve 12. februar 1971[1]
Innspelt September 1970
Sjanger
Lengd 3:49
Selskap Harvest Records (UK)
Warner Bros. Records (US)
Tekstforfattar Ritchie Blackmore
Låtskrivar(ar) Ian Gillan, Ritchie Blackmore, Roger Glover, Jon Lord, Ian Paice
Produsent Deep Purple
Deep Purple-kronologi 
«Black Night»
(1970)
Strange Kind of Woman «Fireball»
(1971)


«Strange Kind of Woman» er ein song av det engelske rockebandet Deep Purple som vart gjeven ut som oppfølgjarsingelen til «Black Night» tidleg i 1971. Songen vart òg ein hit og nådde åttandeplassen på den britiske singellista, og vart sidan gjeven ut på den amerikanske og japanske versjonen av albumet Fireball same året. I Europa vart songen erstatta med «Demon's Eye».

B-sida til singelen, «I'm Alone», vart sidan gjeven ut på The Deep Purple Singles A's and B's og på 25-årsjubileumsutgåva av Fireball.

Historie endre

Songen vart opphavleg kalla «Prostitute». Vokalist Ian Gillan introduserte songen på Deep Purple in Concert: «Han handlar om ein ven av oss som hamna i trøbbel med ei særs vond kvinne og det var ei trist soge. Dei gifta seg til slutt. Og nokre dagar seinare, døydde kvinna.» I Wordography skildrar Gillan det heile litt annleis:

« Eg elska ho på ein rar post-ungdom/før-voksen måte, men det gjorde òg mange andre. Ho elska dei òg og gav dei mykje att for pengane. Eg mislukkast stort då eg prøvde å få ho bort frå det…ho sa det var ikkje ein vane, det var livet hennar og kva visste no eg om det? Eg vart forfremma frå stemnemøter på onsdagsmorgonar til stemnemøter på laurdagskveldar. Songen handlar i røynda ikkje om ei enkel kvinne…men forskjellige gleder og sorger, og ein slik pakke kan ein berre kalle Nancy. Eg voks opp raskt…uskulda døydde og, i kategorien…Dama mi… gjorde ein slepp på alle krav.[2] »

Då Deep Purple framførte songen på konsertar spelte Gillan og gitarist Ritchie Blackmore ein gitar-vokal-duell i midten. Denne enda alltid med eit særs langt skrik i høgt toneleie frå Gillan før bandet gjekk attende til den originale songen. Eit døme på dette kan ein høyre på konsertalbumet Made in Japan i 1972.

Under songen «You Don't Remember, I'll Never Forget», på Yngwie Malmsteen's Rising Force-albumet Trial by Fire, gjer Yngwie Malmsteen og Joe Lynn Turner, som erstatta Gillan i Deep Purple på denne tida då dette albumet kom ut, ei hyllest til Gillan og Blackmore ved å nytte ein liknande gitar-vokal-duell i songen etter gitarsoloen.

Andre versjonar endre

Songen vart spelt inn av det serbiske hardrockbandet Cactus Jack på albumet deira Deep Purple Tribute. Songen er òg spelt av psychobillybandet The Lucky Devils på det første albumet deira, Time passes by i 2000.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Popoff, Martin (2016). The Deep Purple Family (2. utg.). Wymer Publishing. s. 86. ISBN 978-1-908724-42-7. 
  2. Strange Kind of Woman @ Wordography. - www.gillan.com.