The Blues Brothers

(Omdirigert frå Blues Brothers)
Denne artikkelen handlar om bandet. For filmen, sjå Filmen The Blues Brothers.

The Blues Brothers er eit amerikansk blues- og soul-band som vart grunnlagt i 1978 av komikarane Dan Aykroyd og John Belushi som del av ein musikalsk sketsj på fjernsynsprogrammet Saturday Night Live. Belushi og Aykroyd var frontfigurane i bandet i rollene som hovudvokalist «Joliet» Jake Blues og munnspelspelar/vokalist Elwood Blues. Resten av bandet bestod av velkjende og respekterte musikarar. Dei debuterte som musikalske gjester i TV-showet den 22. april 1978. Dei opna showet ved å framføra «Soul Man» og seinare «Hey Bartender».[1]

The Blues Brothers

OpphavChicago, Illinois, USA
Aktiv1978-i dag
SjangerBlues-rock, blues, rhythm and blues.
PlateselskapAtlantic

Bandet strekte seg snart utover rammene i fjernsynet. I november 1978 sleppte dei albumet Briefcase Full of Blues, nyttårsaftan 1978 varma dei opp for Grateful Dead på Winterland Arena i San Francisco og i 1980 vart filmen The Blues Brothers produsert.

Etter at Belushi døydde i 1982, heldt the Blues Brothers fram med å opptre med ei rekkje ulike gjestesongarar og andre bandmedlemmer. Bandet samla seg igjen i 1988 for å reisa på verdsturné, og i 1998 gav dei ut oppfølgjarfilmen Blues Brothers 2000.

Bandmedlemmer endre

Opphavlege medlemmer endre

(Ikkje alle medlemmene her var med i filmen frå 1980).

Andre medlemmer endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. «Facebook». Blues Brothers Central. Arkivert frå originalen 1. april 2016. Henta 5. januar 2017. 
  2. [1]