Tom Scott
Thomas Wright «Tom» Scott (fødd 19. mai 1948) er ein USA-amerikansk saksofonist, komponist, arrangør, dirigent og bandleiar i vestkyssjazz/jazzfusion-ensemblet L.A. Express.
Tom Scott | |||
| |||
Fødd | 19. mai 1948 (76 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Los Angeles | ||
Fødenamn | Thomas Wright Scott | ||
Alias | Tom Scott | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1965 til i dag | ||
Sjanger | Vestkystjazz, jazzfusion, smooth jazz | ||
Instrument | Saksofon, klarinett, fløyte, lyricon | ||
Tilknytte artistar | The Blues Brothers, The L.A. Express, Tom Scott Quartet, Neoteric Trio, Joni Mitchell, John Lennon | ||
Plateselskap | Verve | ||
Verka som | Arrangør, bandleiar, komponist, dirigent, studiomusikar |
Biografi
endreScott var fødd i Los Angeles i California. Han er son av film- og fjernsynskomponisten Nathan Scott, som lagde musikk til meir enn 850 fjernsynsprogram og meir enn 100 filmar, mellom anna for Dragnet og Lassie.[1]
Dei mest kjende verka til Tom Scott er kjenningsmelodiar til fjernsynsseriar i 1970- og 1980-åra — Starsky and Hutch (eit spor kalla «Gotcha!») og The Streets of San Francisco, og sopransaksofonsoloen på hitsingelen «Listen to What the Man Said» for Wings i 1975. I 1982 samarbeidde Scott med Johnny Mathis om å skrive og spele inn to versjonar – ein med tekst og ein utan – av «Without Us», kjenningsmelodien til situasjonskomedien Family Ties i 1980-åra. Versjonen hans av «Today» (ein Jefferson Airplane-song) vart sampla av Pete Rock & CL Smooth i 1992 på hiten «They Reminisce Over You (T.R.O.Y.)».[2]
Den profesjonelle karrieren til Scott byrja som tenåring, som leiar av jazzensemblet Neoteric Trio, og så som særs etterspurd studiomusikar. Han har lange mange soloinnspelingar, som han har fått 13 Grammy-nominasjonar for. Han vann tre av dei. Han har òg laga mykje musikk for fjernsyn og film, og spelt for artistar som George Harrison, the Beach Boys, the Grateful Dead, Paul McCartney, Steppenwolf, Rod Stewart («Do Ya Think I'm Sexy?»), Whitney Houston, Barbra Streisand, Joni Mitchell, Blondie («Rapture»), Eddie Money, Steely Dan, Pink Floyd, Quincy Jones, Carole King, Olivia Newton-John og Frank Sinatra.
Scott var eit av medlemmane i the Blues Brothers Band, men er ikkje med i dei to filmane The Blues Brothers og Blues Brothers 2000. Scott var leiar for husbandet i to kortvarige prateprogram CBS sitt The Pat Sajak Show og Fox sitt The Chevy Chase Show.
Diskografi
endreSom leiar
endre- The Honeysuckle Breeze (Impulse!, 1967)
- Rural Still Life (Impulse!, 1969)
- Hair to Jazz, 1970
- Paint Your Wagon, 1971
- Great Scott, 1972
- New York Connection, 1975
- Blow It Out, 1977
- Intimate Strangers (delvis live), 1978
- Street Beat, 1979
- Apple Juice (live), 1981
- Desire, 1982
- Target, 1983
- One Night – One Day, 1985
- Streamlines, 1987
- Flashpoint, 1988
- Them Changes (med The Pat Sajak Show-husbandet), 1990
- Keep This Love Alive, 1991
- Born Again, 1992
- Reed My Lips, 1994
- Night Creatures, 1995
- Toy Story 2: An Original Walt Disney Records Soundspor, 1999
- New Found Freedom, 2002
- Bebop United (live), 2006
- Cannon Reloaded, 2008
med the L.A. Express
endre- Tom Scott and The L.A. Express (Ode, 1973)
- Tom Cat (Ode, 1974)
- Bluestreak (GRP, 1997)
- Smokin' Section (Windham Hill Jazz, 1999)
med The Blues Brothers
endre- Briefcase Full of Blues, 1978
- Made in America, 1980
- Best of the Blues Brothers, 1981
- Dancin' Wid Da Blues Brothers, 1983
- Everybody Needs the Blues Brothers, 1988
- The Definitive Collection, 1992
- The Very Best of The Blues Brothers, 1995
- The Blues Brothers Complete, 2000
- The Essentials, 2003
Som sidemann
endremed Don Ellis
- Don Ellis Orchestra 'Live' at Monterey! (Pacific Jazz, 1966)
- Live in 3⅔/4 Time (Pacific Jazz, 1967)
- Pieces of 8 (innspelt 1967, gjeve ut 2006)
- Welcome Home (World Pacific Jazz, 1968)
- Six Million Dollar Man (Flying Dutchman, 1975)
med Alphonse Mouzon
- The Man Incognito (1975)
med Oliver Nelson
- Live from Los Angeles (Impulse!, 1967)
- Soulful Brass med Steve Allen (Impulse!, 1968)
med Bill Plummer
- Cosmic Brotherhood (1968)
med Howard Roberts
- The Magic Band - Live at Dontes (1968, gjeve ut 1998)
- The Magic Band - Vol 2 (1968, gjeve ut 1998)
med Lalo Schifrin
- Che! (Tetragrammaton, 1969)
- Rock Requiem (Verve, 1971)
med Gábor Szabó
- Light My Fire med Bob Thiele (Impulse!, 1967)
- Macho (Salvation, 1975)
med Bob Thiele Emergency
- Head Start (Flying Dutchman Records, 1969)
med Carole King
- Jazzman (Jazzman Records, 1974)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tom Scott (musician)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. januar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Burlingame, Jon (3. mars 2010). «Nathan Scott, 94, scored TV shows – Composer's credits included 'Dragnet,' 'Lassie'». Variety Magazine.
- ↑ Video på YouTube