Bolsenasjøen
Bolsenasjøen er ein kratersjø i sentralt i Italia med vulkansk opphav. Han vart danna for 370 000 år sidan då kalderaen til vulkansystemet Vulsini kollapsa.[1] Historiske kjelder frå romartida indikerer at det var vulkansk aktivitet i Vulsinivulkanen så seint som i 104 f.Kr., men sidan den gong har han vore i ro. Dei to øyaen sør i innsjøen er danna av undervassutbrot etter kalderaen kollapsa.
Bolsenasjøen | |||
innsjø | |||
Bolsenasjøen sett frå Montefiascone.
| |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Område | Provinsen Viterbo | ||
Innsjøtype | Kratersjø | ||
Høgd over havet | 305 moh. | ||
Areal | 113,5 km² | ||
Middeldjupn | 81 m | ||
Største djupn | 151 m | ||
Koordinatar | 42°36′N 11°56′E / 42.600°N 11.933°E | ||
Øyar | 2 | ||
Bolsenasjøen 42°36′00″N 11°56′00″E / 42.6°N 11.933333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Lake Bolsena |
Innsjøen har ei oval form som er typisk for kraterjøar. Det totale arealet er 113,5 km² og ligg i ei høgd på 305 meter over havet. På det djupaste er innsjøen 151 meter, medan i snitt er 81 meter djup.
Innsøjen ligg nord i provinsen Viterbo i eit område kalla Alto Lazio (Øvre Lazio) eller Tuscia. Innsjøen grensar til den gamle romarvegen Via Cassia. Det ligg mange turiststader langs innsjøen med mellom anna store campingområde og bondegardsturisme.
Marta er ei elv som renn ut av Bolsenasjøen og munnar ut i Tyrrenhavet.
Romarane kalla innsjøen Lacus Volsinii, etter den etruskiske byen Velzna, den siste etruskiske byen som heldt ut mot romarane, før dei vart fjerna i 264 f.Kr..
Ein tredjedel av innsjøen vart donert til kyrkja av adelsfamilien Alberici av Orvieto.
Øyar i innsjøen
endreBisentina
endreMed eit areal på 17 hektar er Bisentina den største øya. Øya er ein tursistdestinasjon og det går båtar her frå Capodimonte. Øya består av tjukk steineikskog, italienske hagar, flotte utsyn over innsjøen og mange monument som St. Jakob- og St. Kristoffer-kyrkja med ein kuppel bygd av arkitekten Jacopo Barozzi da Vignola, eit fransiskanarkloster, eit lite tempel tileigna St. Katrina med eit åttekanta golvplan av Antonio Sangallo bygd på ein etruskisk colombarium og eit kapell med krusifiks med fresker frå 400-talet. I tillegg ligg fengselet Malta dei Papi, der geistlege personar vart fengsla for livstid for kjetteri.
Rundt år 1250 tok herrane av Bisenzio over øya, men dei forlet ho og brende ho ned etter usemjer med innbyggjarane på øya. I 1261 erobra Urban IV, ein gong vald til pave, øya tilbake, men ho vart øydelagd igjen i 1333 av Ludvig IV av Bayern, som vart skulda for kjetteri og bannlyst av paven. Under Farnese-familien frå 1400 og utover blømde øya og fleire pavar vitja ho. I 1635 vart ho styrt av Odoardo Farnese, hertugen av Castro, som kom ut i ein konflikt med kyrkja. Dette førte til at Castro vart fullstendig øydelagd. Dei to øyane i Bolsenasjøen gjekk tilbake til kyrkja, men vart snart avstått igjen. Prinsessa Beatrice Spada Potenziani, kona til hertug Fieschi Ravaschieri, er den noverande eigaren.
Martana
endreUtanfor byen Marta ligg øya Martana der leivningane av St. Kristina visstnok ein gong skal ha lege for å halde dei borte frå barbarar. Seinare, under gotarane skal den gotiske dronninga Amalasuntha ha vorte myrda her av søskenbarnet Theodahad, som ønskte å overta makta.
Øya er i dag privateigd og det er ikkje open for ålmenta.
Kommunar langs innsjøen
endreFølgjande kommunar ligg langs breidda av Bolsenasjøen:
- Bolsena, som har gjeve namn til innsjøen, er kjend for mirakelet Corpus Domini.
- Montefiascone
- Marta
- Capodimonte
- Valentano
- Gradoli
- Grotte di Castro
- San Lorenzo Nuovo
Andre nærliggande byar er Sorano og Pitigliano.
Kjelder
endre- ↑ Vulsini, arkivert frå originalen 7. februar 2005, henta 6. november 2007
- Denne artikkelen bygger på «Lake Bolsena» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2007.
Bakgrunnsstoff
endre- Turistinformasjon Arkivert 2011-12-16 ved Wayback Machine.
- LagoDiBolsena.Org Arkivert 2006-11-02 ved Wayback Machine.
- Lago-Bolsena.It Arkivert 2007-06-02 ved Wayback Machine.
- Det nye synet på Bolsenasjøen