Bombardementet av Brussel

Bombardementet av Brussel av dei franske soldatane til kong Ludvig XIV den 13.-15. august 1695 og den påfølgjande brannen var den mest øydeleggande hendinga i historia til Brussel.[1] Storpalasset vart øydelagd og ein tredje del av byen brann ned. Heile bysentrum, inkludert Grand-Place, vart bygd opp at dei påfølgjande åra.

Eit samtidig kart og illustrasjon frå 1695 av bombardementet av Brussel og den påfølgjande brannen.

Bombardementet var ein del av niårskrigen. Dei franske styrkane håpte på at bombardementet, eller trugselen av det, ville få dei allierte soldatane til å avslutte omleiringa av Namur. Strategien var mislukka og dei oppnådde ikkje noko militært med bombardementet, men kong Ludvig XIV av Frankrike fekk dårlegare rykte på grunn av den barbariske handlinga.

Bakgrunn endre

 
Maximilian II Emanuel, kurfyrsten av Bayern og guvernør av Dei spanske Nederlanda.

På 1600-talet gjekk Dei sørlege Nederlanda gjennom ei rekkje krigar og var utsett for store øydeleggingar. I 1695, nesten førti år etter slaget ved Dunes i 1658, la Frankrike ned ein politikk for å utvide landområda sine. Dette førte til at dei spanske områda nord for Frankrike vart annekterte. Krigar vart utkjempa og alliansar danna og oppløyste, og festningane byta stadig eigarar. Niårskrigen hadde rast sidan 1688. I mot Frankrike var ein stor europeisk koalisjon, Storalliansen, leia av Vilhelm III av Oranien, leiar i Nederlanda og snart konge av av England. Med seg hadde Vilhelm Spania, Sverige, Det tysk-romerske riket og fleire kurfyrstar, som Maximilian II Emanuel av Bayern, guvernør for Dei spanske Nederlanda.

I juli 1695 vart byen Namur, som hadde vore okkupert i tre år av franskmennene, kringsett av Vilhelm III av England, som kommanderte den allierte armeen. Etter at hertugen av Luxembourg døydde, vart den franske armeen no leia av hertugen av Villeroi, ein middel strategikar, men nær ven av kongen. Kongen mislikte kringsetjinga til dei allierte og bad Villeroi om øydelegge Brugge eller Gent i eit overraskingsåtak. Villeroi, som ønskte å blidgjere kongen, valde i staden å bombardere Brussel, sidan det ville ha større effekt på dei allierte.

Bombardementet endre

 
François de Neufville, duc de Villeroi

Den 7. august forlé t Villeroi Mons på veg mot Brussel med eit vogntog på nesten 1500 vogner med utstyr. Villeroi ønskte at fienden skulle få vite om dette for at dei skulle stoppe kringsetjinga av Namur. Vilhelm III føretok seg derimot ingenting. Berre den vesle armeen til fyrsten av Vaudemont, nær byen Gent, klarte å oppnå noko, då dei kontrollerte vegane inn til Brussel. Men med berre 15 000 mann vart han derimot tvungen til å trekkje seg attende frå den mykje større styrken til Villeroi. Den franske armeen nådde fram nær Brussel den 11. august og sette opp ei stilling på ei høgd vest for byen. Forsvaret av Brussel var heller dårleg og bymurane gav ikkje særleg vern.

Den 13. august sende Villeroi eit brev til fyrsten av Berghes, den militære guvernøren i Brussel. Sidan han ikkje kunne rettferdiggjere åtaket på ein sivil folkesetnad i ein relativt forsvarslaus by med at han ønskte å trekkje dei allierte bort frå Namur, kalla han det i staden ein hemn for bombardementet av franske byar langs Den engelske kanalen av den engelske flåten. Han bad òg om å få vite kvar kona til Max Emanuel, Theresa Kunegunda var. Ho var dotter til den polske kongen Jan III Sobieski, som var nøytral i krigen, og kongen av Frankrike la ned forbod om at ho skulle skytast på.

Det franske batteriet starta å fyre lause før kl. 19 om kvelden. Dei første brannbombene og granatane trefte fleire hus, som vart sett i brann. Brann spreidde seg raskt i dei tronge gatene med hovudsakleg trehus.

Tre batteri i Brussel prøvde å gjengjelde kanonelden, men dei hadde lite krut, ammunisjon og mannskap. Dei få salvane med kanonkuler, og seinare brustein, som dei klarte å få avstad, tok likevel livet av kring 35 franskmenn, men dei klarte ikkje å stope bombardementet.

Styresmaktene trudde i det lengste at det verste var mogeleg å unngå, og bad innbyggjarane halde seg heime med vassbøtter for å sløkkje brannar som oppstod og hindre at dei i å spreie seg. Det viste seg å ikkje vere noko for å stoppe brannane, og innbyggjarane prøvde å redde det mest verdifulle og flykta i panikk til høgdene i byen, aust for Sennedalen. Midt på natta var heile sentrum i brann, inkludert Storpalasset, som var i stein, rådhuset, eit nonnekloster og St. Nicholas-kyrkja.

Morgonen den 14. august stoppa åtaket, medan franskmennene førte inn fleire forsyningar. Det gjekk rykte om at franskmennene ville velje nye mål, og i forvirringa som oppstod flytta innbyggjarane tinga sine attende til dei delane av byen som alt hadde vorte råka. Alle desse vart øydelagde då bombardementet heldt fram. Då bombardementet tok til att vart bombardementet enno hardare og over større område av byen. Morgonen den 15. august stod heile sentrum i brann og Max Emmanuel, som no hadde nådd fram, nytta krut til å sprenge mange bygningar for å lage ei enorm branngate rundt det råka området.

Dei franske batteria stoppa først bombardementet etter 48 timar.

 
Utsyn over ruinane frå Rue des Pierres/Steenstraat, bak rådhuset.

Samanlikna med andre slag i krigen var det relativt få personar som mista livet, sidan innbyggjarane fekk tid til å evakuere til austlege delar av byen. Dei kulturelle og materielle tapa var derimot enorme. I følgje forskjellige kjelder vart mellom 4000 og 5000 bygningar øydelagde, noko som var ein tredjedel av byen. Mykje av dette var i eit samanhengande område der nesten alle bygningane vart øydelagde, synleg som eit kvitt område på kartet øvst på sida. Nesten alle bustadhus, som var bygde i tre, vart øydelagde, medan offentleg bygg og kyrkjer, som ofte vart laga av stein og murstein, stod att. Alle estimat var samde om at øydeleggingane var enorme. Ei veke etter katastrofen vart øydeleggingane estimerte til 30 millionar florinar. Til samanlikning kosta eit nytt hus kring 2000 florinar.

Franskmennene sjølve var overraska over kor stor suksess operasjonen vart, langt over det dei hadde venta. Den unge hertugen av Berwick, ein framtidig marskalk av Frankrike som var til stades skreiv mot slutten av livet sitt «noko meir motbydeleg har aldri blitt sett før, og ingenting kjem nærare plyndringa av Troja.» Gjennom Europa skapte øydelegginga sinne. Øydelegginga var eit brot på dei uskrivne reglane som styrte krigføring på denne tida. Det var uhøyrt å bombardere eit sivilt mål, som ikkje var involvert i krigen, for å tvinge fienden til å stoppe ei kringsetjing. Vanlegvis bombarderte ein berre forsvarsverk og bymurar, slik at byane kunne erobrast intakt. Ministrar frå Storalliansen møttest i Haag og avgjorde å hemne øydelegginga av Brussel. Bombardementet hadde i tillegg vore nyttelaust ut frå eit militært standpunkt, sidan dei allierte ikkje gav opp kringsetjinga av Namur, som fall 5. september. Det øydela derimot ryktet til kong Ludvig XIV. Hundre år seinare omtalte Napoleon bombardementet som «like barbarisk som det var nyttelaust».[2]

Kjelder endre

  1. ehb.be[daud lenkje].
  2. Sitert i Cahiers bruxellois, t. III, fasc. II, 1958, av C. Terlinden. Lit.: aussi barbare qu’inutile