Boogiewoogie

(Omdirigert frå Boogie-woogie)

Boogiewoogie er ein pianobasert blues som vart særs populær seint i 1930- og tidleg i 1940-åra, men som hadde opphav langt tidlegare. Det nytta piano, gjerne to-tre samstundes, gitar og storband. Medan blues tradisjonelt har skildra forskjellige kjensler, er boogiewoogie hovudsakleg knytt til dansing. Ein trur at boogiewoogie var opphavet til den første raske, livlege musikken. Teksten til ein av dei tidlegaste «Pinetop's Boogie Woogie», består hovudsakleg av instruksjonar til dansarane:

Now, when I tell you to hold yourself, don't you move a peg.
And when I tell you to get it, I want you to Boogie Woogie!

Dette er første gong ein finn namnet på ei plateinnspeling, av Pinetop Smith frå 1928. Han og Jimmy Yancey var av dei beste boogiewoogie-pianistane i 1920-åra.

Stilen er karakterisert av ei jamn basslinje bygd opp av åttandedelar med venstrehanda, og denne vert transponert i forhold til akkordskifta.

Ei anna

Det er ikkje strengt tatt ein solopiano-stil, men vert òg nytta til å akkompagnere songarar og som ein solo i band og små jazzorkester. Akkordprogresjonen er typisk basert på I - IV - V - I (med mange variasjonar, som I/i - IV/iv - v/I, samt akkordar som fører inn i desse.

For de meste er boogiewoogie-melodiar 12-taktsbluesar, men stilen har vorte nytta på populære songar som «Swanee River» og hymner «(Just a) Closer Walk with Thee».

Boogiewoogie slo igjennom for fullt i 1937-1938 i From Spirituals to Swing-konsertane i Carnegie Hall, som vart lansert av produsenten John Hammond, gjennom pianistar som Albert Ammons, Pete Johnson og Meade Lux Lewis. Trass i at musikkstilen berre var populær nokre få år, medverka han til utviklinga av jump blues og etter kvart rock and roll, representert ved Jerry Lee Lewis, Ray Charles, Little Richard og Fats Domino. Tonespråket, harmoniane og rytmane er mykje dei same i rock 'n' roll som i boogiewoogie, men den store skilnaden er at rock 'n' roll vart framført på elektrisk gitar og bass og med moderne trommesett.

Namn endre

Enkelte kjelder oppgjev boogie som eit slangord for «negermusikar», medan andre knyter namnet til slanguttrykket «booger-rooger», som i 1920-åra vart nytta om ein laussleppt fest. Det er òg hevda at ordet har røter i det afrikanske språket hausa, eller at det berre er lydmålande.

Kjelder endre

«boogie_woogie» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Boogiewoogie