Borger Hansson Ulveland

Borger Hansson Ulveland (18. juli 178828. mars 1866) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Øvre Eiker i Buskerud.

Borger Hansson Ulveland
Fødd 18. juli 1788
Død

28. mars 1866 (77 år)

Yrke bonde, politikar

Far til Ulveland var gardbrukar på Lo i Øvre Eiker. Sonen kjøpte i 1811 av far sin garden Ulveland i same bygda. Han dreiv Ulvelandsgarden til 1853, då overtok han garden Steinset av svigerfaren og flytta dit, der han døydde 13 år seinare.

Ulveland var stortingsmann for Buskeruds amt 1833-37. I 1833 var han medlem av militærkomiteen, medan han i 1836 og på omframstortinget 1836-37 var medlem av Lagtinget og militærkomiteen. Som medlem av Lagtinget var han i 1836 med i riksretten 1836 mot Severin Løvenskiold. Frå 1837 til -57 var Ulveland medlem av heradsstyret i Øvre Eiker, ordførar 1846-48.

Han døydde på garden sin i Øvre Eiker i 1866.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914