Borgund skipreide på Sunnmøre

Borgund skipreide var ei av skipreideneSunnmøre.[1]

Geografisk femna ho om Borgund sokn (unnateke gardane nord for Grytafjorden/Valderhaugfjorden og aust for Staurnesfjorden). Same område etter noverande inndeling svarar til Ålesund kommune, Sula kommune (unnateke Søre Sula krins) og Giske sokn av Giske kommune.

I begynninga av 1800-talet vart skipreidene på Vestlandet avløyste av tinglag som følgde soknegrensene. 1823 vart Borgund skipreide og delar av Valle skipreide, Gryta skipreide og Vatne skipreide slegne saman til det nye Borgund tinglag, som femna om soknene Borgund, Skodje og Vatne. Seinare vart Skodje tinglag skipa av Skodje og Vatne sokner, og deretter var Borgund tinglag og sokn identiske.

Sjå ògEndra

FotnotarEndra

BakgrunnsstoffEndra