Gryta skipreide
Gryta (Grytten) skipreide var ei av skipreidene på Sunnmøre, oppkalla etter garden Gryta på Grytastranda.
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Roald (Vigra) sokn
- del av Borgund sokn (gardane nord for Grytafjorden/Valderhaugfjorden og aust for Staurnesfjorden)
- del av Vatne sokn (gardane ved Grytafjorden og Engsetdalsvatnet)
- del av Skodje sokn (gardane nord for Stetteneset/Stettefjellet/Fyllingsvatnet/Fyllingselva)
Geografisk område etter ny inndeling:
- del av Giske kommune
- Vigra sokn
- Valderøy sokn
- del av Haram kommune
- Hamnsund sokn
- del av Vatne sokn (krinsane Slyngstad og Tennfjord)
- del av Skodje kommune og sokn (krinsane Stette, Engeset og Fylling)
I begynninga av 1800-talet vart skipreidene på Vestlandet avløyste av tinglag, som følgde soknegrensene. 1822 vart Gryta skipreide ein del av det større Borgund tinglag.