Brønnøymål
Brønnøymål eller Sørvest-helgelandsk femner målføra i nordre Bindal (nordom Tosen), Sømna, Brønnøy og Vega, endå vegværingsmålet òg har mange drag sams med vefsnmåla. Målet i søre Bindalen vert rekna til namdalsmål. Brønnøymåla skil seg på mange måtar frå Nord-Noreg elles. Tonefallet skil seg frå det nordnorsk, og området er det einaste som har lågtone og ikkje høgtone (forutan innflyttarmålet i Susendalen). Dette er det einaste området i Nord-Noreg der det regelbunde finst korte trykkstavingar. Eit anna særdrag er at så mange ordtypar og bøyningsformer har -i i sluttstavinga.
Målmerke
endreBrønnøymålet har mange særeigne målmerke ein elles ikkje finn i Nordland.[1] På mange vis er målet ein overgangsdialekt frå trøndersk til nordnorsk. Nokre målmerke er:
- Jamvekt, men berre delvegs gjennomført.
- Brønnøymålet har lågtone. Dette er eit typisk austnorsk målmerke, og er annleis ifrå resten av helgeland som elles har høgtone. Eit unnatak er innflyttarmålet i Susendalen i Hattfjelldalen, som har fleire austnorske innslag enn målføra ikring.[2]
- Der ein i andre målføre har -e på svake kortstava hankjønnsord har det i brønnøymålet utvikla seg -a ifrå den norrøne oblike forma (haga, boga, maga). Ein finn likevel former som har utvikla seg ifrå nominativsforma (hani, tari, hari)
- Gamalnorsk korte stavingar har ofte fått lenging som på vestnorsk.
- Brønnøymålet har eiga ending i bunden fleirtal av inkjekjønnsord, der nordnorsk elles har samanfall med hankjønn. T.d. di huse for Vefsnmål di husan.
- Tjukk-l, både av historisk-l og norrøn-/rð/.
- i-ending i supinum. T.d. fåri, bråti, dråkkji
- Dativ var levande tradisjonelt, både i eintal og fleirtal.
- Dei halvstemde plosivane som er karakteristiske for midt-helgelandsmåla er ikkje å finna i brønnøymålet.
- Apokope er vanlegare i mykje større grad enn i nærområda.
- Brønnøymålet har delt hokjønnsbøying. Dette tyder at hokjønnsord kan få to ulike bøyingar; ei for hokjønnsord som endar på -a (ei visa), og ei for dei som ikkje har ending (ei vik)
Substantivbøying
endreDøme på bøyingsverket i brønnøymålet er:
Eintal | Fleirtal | |||||
---|---|---|---|---|---|---|
ubunden | bunden | dativ | ubunden | bunden | dativ | |
hankjønn | bakka | bakkan | bakkå | bakka | bakkan | |
hari | harin | harå | hara | haran | ||
båt | båten | båte | båta | båtan | ||
hokjønn | kåpa | kåpå | kåpen | kåpår | kåpån | |
vik | vikje | vikjen | vikji | vikjin | ||
øy | øye | øyen | øya | øyan | øyå | |
inkjekjønn | øua | øua | øua | øuår | øuån | |
hus | huse | hus | hus | huse |
Dativ
endreTradisjonelt Brønnøymål har dativ, både i eintal og fleirtal. Dativ fleirtal er rekna for døyande i målet, men kjem likevel føre i nokon mon. Olaf Olssen skriv at dativ fleirtal berre førekjem i hankjønnord og sterke hokjønnord, i og med at dativendinga fell saman med den bundne eintalendinga.
Døme på dativ:[1]
- Hannj sett næri båt'e. (han sit nedi båten)
- Vont i magå. (Vondt i magen)
- Hannj e itur Svænøy'n. (Han er frå Svenøya)
- Hannj sett i stuån. (Han sit i stua)
- Deser ódyre levi i hav. (Desse udyra lever i havet)
- E frys på fengrå. (Eg frys på fingrane)
Verbbøying
endreBrønnøymålet har tradisjonelt kløyvd infinitiv. Overvektsord får jamnast apokope i infinitiv (t.d. å kast), medan jamvektsord held på infinitivsendinga (t.d. å vara). Unnatak er ofte verb som på nynorsk endar på -ja, t.d. tenkji og ønsji for tenkja og ynskja.
Klasse | Infinitiv | Presens | Preteritum | Presens perfektum |
---|---|---|---|---|
Døme på sterke verb | å fara | fer | for | ha fåri |
å drekk | drekk | drakk | ha dråkkji | |
Døme på a-verb | å kast | kasta | kasta | ha kasta |
å fesk | feska | feska | ha feska | |
Døme på e-verb | tenkji | tenkji | tængt | ha tængt |
å høyr | høyr | høul | ha høurt |
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 Olaf Olssen. Brønnøymålet : Lydverket. Arkivtrykkeriet i Trondheim.
- ↑ «Dialektane på Helgeland». Årbok for Helgeland. 1998/99 Vol. 29.