Markråkar
Markråkar, Brachypteraciidae, er ein liten fuglefamilie av ikkje-trekkjande fuglar endemiske for Madagaskar. Dei er knytt til isfuglar, bietarar og råkar.
Markråkar | |
Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera Illustrasjon John Gerrard Keulemans, 1896, Public domain | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Coraciimorphae |
Orden: | Råkefuglar Coraciiformes |
Familie: | Markråkar Brachypteraciidae Bonaparte, 1854 |
Dei liknar mest på sistnemnte gruppe, og blir somme tider sett på som ein underfamilie av dei eigentlege råkar. Markråkar har storleik som kråker, 25-49 centimeter i lengd, og kroppsbygging som råkar. Som råkar jaktar dei reptil og store insekt. Dei er meir bakkelevande enn artar av råkar, og dette er reflektert med lengre bein og kortare, meir avrunda venger.
Samanlikna med råkar er markråkar mindre fargerike, og dei har stripete eller flekka fjørdrakt. Dei er mykje meir unnvikande og sky enn slektningane sine, og er vanlegvis vanskelege å finne i dei gassiske skogane.[1] Ofte er det song i spel som røper nærværa deira.
Desse fuglane hekkar som einsleg par i hòl i bakken som dei grev ut sjølv, i motsetnad til råkar som sjeldan hekkar i bakkehol, og sjølv då grev dei ikkje ut hòl for eigne reir.[1]
Artsliste
endrei rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[3]
Slekt Brachypteracias
- Tjukknebbmarkråke, Brachypteracias leptosomus, Short-legged Ground-Roller, VU, Lesson, 1833
- Kjellmarkråke, Brachypteracias squamiger, Scaly Ground-Roller, VU, Lafresnaye, 1838
Slekt Atelornis
- Pittamarkråke, Atelornis pittoides, Pitta-like Ground-Roller, LC, Lafresnaye, 1834
- Rustmarkråke, Atelornis crossleyi, Rufous-headed Ground-Roller, NT, Sharpe, 1875
Slekt Uratelornis
- Langhalemarkråke, Uratelornis chimaera, Long-tailed Ground-Roller, VU, Rothschild, 1895
Bakgrunnsstoff
endre- Markråkar i videoar, bilete og lydopptak hos Internet Bird Collection.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Ground Roller» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juni 2010
Referansar
endre- ↑ 1,0 1,1 Forshaw, J. & Kemp, A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 147. ISBN 1-85391-186-0.
- ↑ Clements, J.F.; T.S. Schulenberg; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; D. Roberson (august 2013), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 10. august 2014
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)