Opna hovudmenyen

Bamble kommune

kommune i Telemark

Bamble er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen omfattar byane Stathelle og Langesund, og tettstadane Herre og Valle.

Bamble kommune
kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter Langesund
Areal 304 km²
 - land 282 km²
 - vatn 22 km²
Folketal 14 183 (1. januar 2018)
Folketettleik 50 / km²
Målform nøytral
Ordførar Hallgeir Kjeldal (Ap)
Kommunenr. 0814
NO 0814 Bamble.svg
Wikimedia Commons: Bamble
Nettstad: www.bamble.kommune.no

Bamble grensar til Kragerø, Drangedal, Skien og Porsgrunn kommune.

Kystområdet mot sør med sin skjergard er om sommaren rekreasjonsområde (med Skjærgårdsparken) for turistar, og har i overkant av 2000 hytter. Bamble har den lengste kystlinja i Telemark, frå Voldsfjorden i nordaust til Fossingfjorden i søraust.

NæringEndra

Hovudnæringane i kommunen er petrokjemisk industri (Hydro Rafnes og Borealis Rønningen), skipsteknologifirmaet Skarpenord, mekaniske verkstadar, fiskeri, servicenæring, jord- og skogbruk.

VenskapsbyarEndra

AttraksjonarEndra

Bamble har fleire attraksjonar som til dømes Wrightegaarden (med konsertar), bygdeborga på Storås, Olavskyrkja ruin (Skeidi), Bamble kyrkje, Langesundstangen (tidlegare Tangen HV-fort til 1993) og Cudrios sjøbod (museum Langesund).

Der er også Brevik bru (frå 1962) og Grenland bru (frå 1997) austover over Frierfjorden til Porsgrunn kommune. Grenland bru er den høgaste fastlandskonstruksjonen i Noreg med eit tårn på 166 m.

BileteEndra

BakgrunnsstoffEndra