Brer Rabbit /ˈbrɛər/ (Brother Rabbit), også skrive Bre'r Rabbit og Br'er Rabbit, er ein sentral figur i den munnlege litteraturen til afroamerikanarar frå Sørstatane i USA. Han er ein luring (trickster) som overlever ved hjelp av kløkt heller enn styrke, og provoserer autoritetsfigurar og bøyer sosiale normer som han vil. Kjende framstillingar av figuren er soger gjevne ut av Joel Chandler Harris på 1800-talet, og i Walt Disney sin animasjonsfilm frå 1946, Song of the South.

Brer Rabbit

Opptrer iUncle Remus, Mr. Rabbit nibbles up the Butter, Bruh Rabbit and the Tar Baby Girl, Housewarming at Br'er Rabbit's
Andre namnRiley, Compair Lapin
SambuarKari

Opphav

endre
 
Br'er Rabbit's dream. Frå Uncle Remus, His Songs and His Sayings: The Folk-Lore of the Old Plantation, 1881

Folkeminneforskarar seint på 1800-talet dokumenterte at dei amerikanske versjonane av historiene oppstod blant slavar av vestafrikansk opphav, basert på samband mellom Br'er Rabbit og Leuk, ein kaninbedragar i senegalesisk folklore.[1][2] Soger om Brer Rabbit blei skrivne ned av Robert Roosevelt, ein onkel av den amerikanske presidenten Theodore Roosevelt. Theodore Roosevelt skreiv i sjølvbiografien sin om ei tante frå Georgia som «kunne alle sogene» - «she knew all the 'Br'er Rabbit' stories, and I was brought up on them. One of my uncles, Robert Roosevelt, was much struck with them, and took them down from her dictation, publishing them in Harper's, where they fell flat. This was a good many years before a genius arose who, in 'Uncle Remus', made the stories immortal.»

 
Statue of Br'er Rabbit i Eatonton i Georgia

Desse historiene blei omforma av Joel Chandler Harris (1845–1908) for eit kvitt publikum på slutten av 1800-talet. Harris fann opp onkel Remus, ein tidlegare slave, som historieforteljar, og gav ut mange slike soger som var blitt overleverte i ein munnleg tradisjon. Han hevda at sogene hans var "dei første grafiske bilda av ekte negerliv i Sør."[3] Harris høyrde desse sogene i Georgia. Svært like versjonar av dei same historiene blei samla inn uavhengig på same tid av folkloristen Alcée Fortier i Sør-Louisiana, der kanin-figuren var kjend som Compair Lapinkreolsk.

I ein detaljert studie av kjeldene til Joel Chandler Harris sine «Uncle Remus»-soger fann Florence Baer 140 soger med afrikansk opphav, 27 soger med europeisk opphav og 5 soger med uramerikansk opphav.

Sjølv om Joel Chandler Harris samla materiale til den berømte serien sin på 1870-talet, hadde Br'er Rabbit-soger blitt samla inn tidlegare blant cherokeear: Ei utgåve av «Tar baby»-historia blei trykt Cherokee Advocate i i 1845, same året som Harris blei fødd.[4]

Kanin- og haremytar er utbreidde blant algonkinfolk i austlege Nord-Amerika, særleg under namnet Nanabozho. Den store haren er ofte blitt dyrka av folk frå Aust-Canada.

Joel Chandler Harris

endre

Joel Chandler Harris gav ut ni bøker med Brer Rabbit-soger:

  • Uncle Remus: His Songs and Sayings (1881), med 25 Brer Rabbit-soger.
  • Nights with Uncle Remus: Myths and Legends of the Old Plantation (1883), 52 Brer Rabbit-soger.
  • Daddy Jake, the Runaway: And Short Stories Told After Dark (1889), 4 Brer Rabbi-soger.
  • Uncle Remus and his Friends: Old Plantation Stories, Songs, and Ballads with Sketches of Negro Character (1892), 11 Brer Rabbit-soger.
  • Told by Uncle Remus: New Stories of the Old Plantation (1905), 13 Brer Rabbit-soger.
  • Uncle Remus and Brer Rabbit (1907), 4 Brer Rabbit-soger.
  • Uncle Remus and the Little Boy (1910), 5 Brer Rabbit-soger.
  • Uncle Remus Returns (1918), 6 Brer Rabbit-soger.
  • Seven Tales of Uncle Remus (1948), 3 Brer Rabbit-soger.

Enid Blyton

endre

Den britiske barnebokforfattaren Enid Blyton gav ut fleire soger om Brer Rabbit og andre figurar. Dei fleste kom ut i ulike blad seint på 1930-talet.

  • Heyo, Brer Rabbit! (1938)
  • The Further Adventures of Brer Rabbit (1943)
  • My Enid Blyton Brer Rabbit Book (1948)
  • Enid Blyton's Brer Rabbit Book (1963)
  • Enid Blyton's Brer Rabbit Again (1963)
  • Enid Blyton's Brer Rabbit's a Rascal (1965)
  • Enid Blyton's Brer Rabbit Holiday Adventures (1974)
  • Enid Blyton's Brer Rabbit Funtime Adventures

I populærkulturen

endre

Tidlege teikneseriar

endre
  • I 1902 laga Jean Mohr ein teikneserie på to sider etter ei Uncle Remus-soge, Ole Br'er Rabbit for The North American.[5]
  • McClure Newspaper Syndicate gav ut ei avisstripe av J.M. Condé, Br'er Rabbit, på sundagar frå 24. juni til 7. oktober 1906.[6]

Disney-versjonen

endre
  • Disney-filmen Song of the South frå 1946 er ei rammeforteljing som byggjer på tre Br'er Rabbit-soger, «Br'er Rabbit Earns a Dollar a Minute», «The Laughing Place» og «The Tar Baby». Br'er Rabbit fekk røyst av Johnny Lee i filmen, og var meir ein «elskeleg luring» enn i tidlegare soger.[7] Sidan 1946 er det blitt gjeve ut Disney-teikneserinar med denne versjonen av Br'er Rabbit.[8]
  • Splash Mountain ved Disneyland, Magic Kingdom og Tokyo Disneyland byggjer på dei animeret delane av filmen med Br'er Rabbit. Frå Disneyland-versjonen av Splash Mountain frå 1989 har Jess Harnell gjeve røyst til Br'er Rabbit i alle dei seinare opptredenane hans for Disney.
  • Ei avisstripe kalla Uncle Remus and His Tales of Br'er Rabbit blei gjeven ut frå 14. oktober 1946 til 31. desember 1972.

Kjelder

endre
  1. Arnold, Albert (1996). Monsters, Tricksters, and Sacred Cows: Animal Tales and American Identities. University of Virginia Press. 
  2. M'Baye, Babacar (2009). The Trickster Comes West: Pan-African Influence in Early Black Diasporan Narratives. Univ. Press of Mississippi. 
  3. Ritterhouse, Jennifer. «Reading, Intimacy, and the Role of Uncle Remus in White Southern Social Memory.» The Journal of Southern History, vol. 69, no. 3, 2003, s. 585–622. JSTOR, www.jstor.org/stable/30040011. Henta 9. juni 2021.
  4. «Cherokee Tales and Disney Films Explored». Powersource.com. June 15, 1996. Arkivert frå originalen 24. mai 2011. Henta 3. juli 2010. 
  5. Becattini, Alberto (2019). «Genesis and Early Development». American Funny Animal Comics in the 20th Century: Volume One. Seattle, WA: Theme Park Press. ISBN 978-1683901860. 
  6. Holtz, Allan (2012). American Newspaper Comics: An Encyclopedic Reference Guide. Ann Arbor: The University of Michigan Press. s. 83. ISBN 9780472117567. 
  7. Brasch, Walter M. (2000). Brer Rabbit, Uncle Remus, and the 'Cornfield Journalist': The Tale of Joel Chandler Harris. Mercer University Press. pp. 74, 275.
  8. «Brer Rabbit - I.N.D.U.C.K.S.». inducks.org. Arkivert frå originalen 26. april 2019. Henta 23. mars 2018.