Life av Thin Lizzy

Life
live av Thin Lizzy
Utgjeve 16. oktober 1983
Innspelt 27. november 1981; 10–12. mars 1983
Sjanger Hardrock, bluesrock
Lengd 97:45
Selskap Vertigo
Warner Bros. (US only)
Produsent Phil Lynott, Thin Lizzy
Thin Lizzy-kronologi 
Live and Dangerous
(1978)
Life BBC Radio One Live in Concert
(1992)


Life (med undertittelen Live, og merka Life:Live på dei originale vinyl-utgåvene) er eit dobbelt konsertalbum av det irske rockbandet Thin Lizzy, gitt ut i 1983. Dette dobbeltalbumet vart spelt inn under avskjedsturneen deira i 1983, hovudsakleg på Hammersmith Odeon i London i Storbritannia. Phil Lynott hadde motvillig følt at det var på tide å oppløysa gruppa etter 1983-turneen, og for å markera høvet vart dei tidlegare Thin Lizzy-gitaristane Eric Bell (1969-73), Brian Robertson (1974-78) og Gary Moore (1974, 1977 og 1978-79) med på scena på slutten av desse konsertane for å gjera nokre nummer. Dette vart kalla «The All-Star Jam».

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Collector's Guide to Heavy Metal7/10[2]

Versjonane av «Renegade», «Hollywood» og «Killer on the Loose» med Snowy White hadde vorte framført to år tidlegare då han framleis var med i bandet. Deltakinga til White vart berre kreditert til «Renegade».

Lynott skildra den langsamare tempoversjonen av «Don't Believe a Word» som det opphavlege arrangementet. Ein versjon av songen med det langsamare arrangementet finst på Moore-albumet Back on the Streets frå 1978, med Lynott på bassgitar og solovokal og Brian Downey på trommer.

Under framføringa av «The Rocker» spelte alle gitaristane (bortsett frå White) samtidig (Moore, John Sykes, Scott Gorham, Robertson og Bell), slik at totalt åtte medlemmer var på scena samtidig (inkludert klaverspelaren Darren Wharton).

Innhald

endre

(CD-utgåva kombinerer side 1 og 2 på CD 1 og side 3 og 4 på CD 2)

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Thunder and Lightning»Brian Downey, Phil Lynott5:10
2.«Waiting for an Alibi»Lynott3:20
3.«Jailbreak»Lynott4:05
4.«Baby Please Don't Go»Lynott5:00
5.«The Holy War»Lynott5:57
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Renegade»Lynott, Snowy White6:25
7.«Hollywood (Down on Your Luck)»Scott Gorham, Lynott4:02
8.«Got to Give It Up»Lynott, Gorham6:55
9.«Angel of Death»Lynott, Darren Wharton6:06
10.«Are You Ready»Downey, Gorham, Lynott, Brian Robertson2:56
Side tre
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«The Boys Are Back in Town»Lynott4:48
2.«Cold Sweat»Lynott, John Sykes3:10
3.«Don't Believe a Word»Lynott5:10
4.«Killer on the Loose»Lynott6:19
5.«The Sun Goes Down»Lynott, Wharton5:02
Side fire
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Emerald»Downey, Gorham, Lynott, Robertson3:50
7.«Black Rose»Lynott, Gary Moore6:50
8.«Still in Love With You»Lynott8:50
9.«The Rocker»Eric Bell, Downey, Lynott4:50

Medverkande

endre

Salslister

endre
Liste (1983) Plassering
Svenske album (Sverigetopplistan)[3] 29
Britiske album (OCC)[4] 29
US Billboard 200[5] 185

Kjelder

endre
  1. Prato, Greg. «Thin Lizzy – Life review». AllMusic. Henta 13. februar 2018. 
  2. Popoff, Martin (1. november 2005). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 2: The Eighties. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 355. ISBN 978-1-894959-31-5. 
  3. "Thin Lizzy – Life". Swedishcharts.com. Hung Medien.
  4. "Thin Lizzy | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
  5. "Thin Lizzy Album & Song Chart History" Billboard 200 for Thin Lizzy. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2023.