Bad Reputation av Thin Lizzy
Bad Reputation Studioalbum av Thin Lizzy | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. september 1977 | |
Innspelt | Mai og juni 1977 | |
Studio | Toronto Sound Studios og Sounds Interchange i Toronto i Canada[1] | |
Sjanger | ||
Lengd | 35:50 | |
Selskap | Vertigo Mercury (USA) | |
Produsent | Thin Lizzy og Tony Visconti | |
Thin Lizzy-kronologi | ||
---|---|---|
Johnny the Fox (1976) |
Bad Reputation | Black Rose: A Rock Legend (1979)
|
Singlar frå Bad Reputation | ||
|
Bad Reputation er det åttande studioalbumet til det irske hardrockbandet Thin Lizzy, gjeve ut i 1977. Som coveret indikerer, inneheld dei fleste spora berre tre firedelar av bandet, med gitaristen Brian Robertson berre kreditert på tre spor. Han hadde gått glipp av det meste av den førre turnéen deira, etter ein handskade han pådrog seg i eit slagsmål,[2] og dette albumet viste seg å bli det siste albumet hans med Thin Lizzy. Den 27. juni 2011 vart ein ny ommastra og utvida versjon av Bad Reputation gitt ut.
Innspeling
endreMed Robertson ute av bandet hadde bandleiar Phil Lynott bestemt at Scott Gorham skulle ta seg av alle gitaroppgåvene sjølv, og at dei ikkje skulle henta inn ein erstattar for Robertson før innspelinga av albumet. Gorham meinte likevel at det var naudsynt med ein ekstra gitarist, spesielt for konsertane deira, og framføra songar som var skrivne for to gitarar. Han sa seinare: «Eg var alltid ein stor tilhengjar av den magiske sirkelen - når du først braut den magiske sirkelen, var heile greia broten, ikkje sant?»[3] Han lét medvite to songar («Opium Trail» og «Killer Without a Cause») vera utan innspelte gitarsoloar, og overtalte Lynott til å la Robertson komma tilbake til bandet for å spela inn soloane for dei. Lynott gav etter, og Robertson flaug til Toronto og spelte inn sologitarpartia sine. Likevel nekta han i utgangspunktet å sosialisera med dei andre bandmedlemmene: «Herregud, eg ville ikkje eingong ta ein drink med dei,» sa han.[4] Han la seinare til: «Eg prøvde å la vera å gå ut på klubbar i omtrent ei veke, så gav eg etter. ..»[5] Robertson og Gorham delte sologitar på berre éin song, «That Woman's Gonna Break Your Heart».
«Det var eit så viktig album for oss på grunn av alle motgangane me hadde gått gjennom,» hugsa Gorham. «Me måtte ta oss saman, elles kom me til å gå opp i flammar.»[6]
Robertson vart med på den følgjande Bad Reputation-turneen, som gav nokre låtar til albumet Live and Dangerous (gitt ut 1978), men han forlét bandet då turneen var over.[7]
Plateomslag
endreDen vanlege designeren til Thin Lizzy, Jim Fitzpatrick, bidrog ikkje til coveret på Bad Reputation, etter ei misforståing mellom han og Lynott. Då fristen for innlevering av coveret nærma seg, reiste Lynott til USA for å møta Fitzpatrick i heimen hans i Madison i Connecticut, men drog ved ein feil til Madison i Wisconsin. Då Lynott ikkje kunne møta Fitzpatrick i tide, gjekk han med på å bruka eit bilete av Sutton Cooper som viste bandet som ein trio, utan Robertson.[8] Eit bilete av bandet med Robertson vart brukt på baksida. Det indre kunstverket inneheldt bilete av alle fire medlemmene, pluss bilete frå The Incredible Case of the Stack O'Wheat Murders av Les Krims, som Lynott hadde sett i New York.[9] Albumet inneheldt òg spelkort-motiva som tidlegare var med på albumet Fighting i 1975, med spar (Lynott), kløver (Downey), hjarte (Gorham) og ruter (Robertson).
Lynott insisterte på at Robertson ikkje skulle visast på framsida, noko Robertson «var heilt samde i», sjølv om han dukka opp på eit gruppefoto på baksida. Robertson sa seinare: «Dette var nok eit av dei vesle humørsvingingane mine. Eg ville ikkje ha biletet mitt på plateomslaget fordi eg ikkje hadde gjort noko av akkompagnementet, og eg var til og med i dårleg humør då me fotograferte baksida av det.»[5]
Mottaking
endreMeldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [10] |
Collector's Guide to Heavy Metal | 10/10[11] |
Stephen Thomas Erlewine frå AllMusic skildra Bad Reputation som ei forbetring i forhold til det førre albumet, Johnny the Fox, delvis på grunn av innverknaden frå produsenten Tony Visconti. Han hevda at fråværet til Robertson ikkje var merkbart på grunn av «dobbeltarbeidet» til Scott Gorham, og at dette var «rein visceral rock & roll, den hardaste og tyngste som Thin Lizzy nokosinne har laga». Han rekna Bad Reputation som ein rival til Jailbreak som det beste studioalbumet deira.[10] Martin Popoff rekna albumet som «ein tredje genistrek på to korte år», tematisk lik Fighting, «men meir vedkjennande, reflekterande og andeleg.»[11]
Gitt ut medan pønkrocken voks fram, og sjølv om Thin Lizzy var eit hardrock-band, appellerte Bad Reputation til mange pønkarar på grunn av den melodiøse og musikalske tilnærminga deira og med «energien levert både live og i studio», noko som sikra ein «ungdommeleg glød».[12] Albumet har vorte skildra som at bandet «fann nye område å dyrka, ikkje berre musikalsk, men òg når det gjeld publikum».[12]
Bad Reputation nådde fjerdeplassen på UK Albums Chart.[13] Singelen «Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)» nådde 14. plassen på UK Singles Chart i september 1977. [14] Låten må ikkje forvekslast med ein song med liknande tittel, «Dancing in the Moonlight», spelt inn av mellom anna King Harvest og Toploader.[15]
Coverversjonar og annan bruk
endreSjølv om han ikkje vart gitt ut som singel, vart tittelsporet ein populær konsertsong. Det amerikanske kvinnelege heavy metal-bandet Phantom Blue spelte inn «Bad Reputation» på sitt andre album Built to Perform frå 1993.[16] Ein coverversjon av songen er eit spelebart spor i musikkvideospelet Guitar Hero II frå 2006,[17] og Thin Lizzy-versjonen var med på soundtracket til dokumentarfilmen Dogtown and Z-Boys frå 2001.[18] 24-7 Spyz spelte òg inn songen på albumet deira Face the Day (2006).[19] Foo Fighters spelte inn «Bad Reputation» og gav han ut på coveralbumet Medium Rare (2011).[20] I 2012 kom videospelet Sleeping Dogs. «Bad Reputation» vart spelt på radiostasjonen Sagittarius FM i spelet.[21] I 2015 spelte det engelske speed metal-bandet Raven «Bad Reputation» på coveralbumet Party Killers. Dette albumet vart berre gjort tilgjengeleg for folk som betale for inspelinga av albumet ExtermiNation på førehand, før det kom ut i april 2015.
The Smashing Pumpkins spelte «Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)» for ulike konsertar, og gjorde den oppstemte, overlagde melodien til originalen om til ein akustisk låt i sakte tempo; han vart spelt inn som B-side til singelen «Disarm».[22] Den britiske indiepop-songaren og låtskrivaren Diana Vickers spelte inn songen som den første av fleire coverlåtar brukt som marknadsføring i forkant av utgivinga av dei andre studioalbuma hennar.[23] I 2005 vart Thin Lizzy-versjonen av «Dancin' in the Moonlight» brukt som del av ein reklamekampanje for å lansera Magners Irish Cider i Storbritannia.[24] I 2012 gav det engelske indierockbandet Alt-J ut ein versjon av «Dancing in the Moonlight» til samlinga The Saturday Sessions from The Dermot O'Leary Show.[25]
Den svenske gitaristen John Norum frå det svenske rockbandet Europe spelt einn «Opium Trail» på det andre soloalbumet sitt, Face the Truth (1992).[26]
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Soldier of Fortune» | Phil Lynott | 5:18 |
2. | «Bad Reputation» | Brian Downey, Scott Gorham, Lynott | 3:09 |
3. | «Opium Trail» | Downey, Gorham, Lynott | 3:58 |
4. | «Southbound» | Lynott | 4:27 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
5. | «Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)» | Lynott | 3:26 |
6. | «Killer Without a Cause» | Gorham, Lynott | 3:33 |
7. | «Downtown Sundown» | Lynott | 4:08 |
8. | «That Woman's Gonna Break Your Heart» | Lynott | 3:25 |
9. | «Dear Lord» | Gorham, Lynott | 4:26 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
10. | «Killer Without a Cause» (BBC Session 1. august 1977) | 3:42 | |
11. | «Bad Reputation» (BBC Session 1. august 1977) | 2:49 | |
12. | «That Woman's Gonna Break Your Heart» (BBC Session 1. august 1977) | 3:28 | |
13. | «Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)» (BBC Session 1. august 1977) | 3:22 | |
14. | «Downtown Sundown» (BBC Session 1. august 1977) | 3:53 | |
15. | «Me and the Boys» (lydsjekk - Universal monitor-miks) | Downey, Gorham, Lynott, Brian Robertson | 4:17 |
Total lengd: | 57:21 |
Singlar
endre- Dancing In The Moonlight/Bad Reputation – 7" (1977)
Medverkande
endre- Thin Lizzy
- Phil Lynott – bassgitar, solovokal, synthesizer, keltisk harpe
- Scott Gorham – solo- og rytmegitar
- Brian Downey – trommer, perkusjon
- Brian Robertson – sologitar på spor 3, 6 and 8, talkbox, klaverinstrument
- Andre medverkande
- Jon Bojic, Ken Morris, Mary Hopkin-Visconti – korvokal på «Dear Lord»
- John Helliwell – saksofon, klarinett
- Produksjon
- Tony Visconti – produsent, lydteknikar
- Jon Bojic, Ken Morris, Ed Stone – assisterande lydteknikarar
Salslister
endre
Albumendre
|
SinglarendreDancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)
|
Salstrofé
endreRegion | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Storbritannia (BPI)[36] | Gull | 100 000^ |
^salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Bad Reputation (Thin Lizzy album)» frå Wikipedia på engelsk, den 24. april 2023.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Byrne, Alan (2015). «Bad Reputation». Are You Ready?: Thin Lizzy: Album by Album. Soundcheck Books. s. 128. ISBN 978-0992948085. Henta 24. april 2023.
- ↑ Putterford, Mark (7. april 2010). «The Rise of the Emerald». Phil Lynott: The Rocker. London, UK: Omnibus Press. ISBN 978-0857122544. Henta 24. april 2023.
- ↑ Conley, Tony (6. juni 2014). «Scott Gorham - Still Proving It - The Rock Guitar Daily Interview». Rock Guitar Daily. Arkivert frå originalen 24. april 2023. Henta 24. april 2023.
- ↑ Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy: Soldiers of Fortune. London, Storbritannia: SAF Publishing. s. 110. ISBN 978-0946719815. Henta 24. april 2023.
- ↑ 5,0 5,1 Doherty, Harry; Gorham, Scott (2012). «Maintaining a Bad Reputation». Thin Lizzy: The Boys Are Back in Town. London, UK: Omnibus Press. ISBN 978-1780384320. Henta 24. april 2023.
- ↑ Brannigan, Paul (august 2016). «Historiene bak sangene: Thin Lizzy - Dancing in the moonlight (It's caught me in its spotlight)». Classic Rock (226): 24.
- ↑ Wright, Chris (2003). The Rough Guide to Rock. Rough Guides. s. 1073. ISBN 978-1-85828-457-6.
- ↑ Byrne, Alan (2006). Thin Lizzy: Soldiers of Fortune. London, UK: SAF Publishing. s. 115. ISBN 978-0946719815. Henta 24. april 2023.
- ↑ Putterford, Mark (7. april 2010). «Pills, Powders & Potions». Phil Lynott: The Rocker. London, UK: Omnibus Press. ISBN 978-0857122544.
- ↑ 10,0 10,1 Erlewine, Stephen Thomas. «Bad Reputation review». AllMusic. Rovi Corporation. Henta 24. april 2023.
- ↑ 11,0 11,1 Popoff, Martin (October 2003). The Collector's Guide to Heavy Metal: Volume 1: The Seventies. Burlington, Ontario, Canada: Collector's Guide Publishing. s. 279–280. ISBN 978-1894959025.
- ↑ 12,0 12,1 Bad Reputation (CD-cover). Thin Lizzy. Santa Monica, California: Universal Music Group. 2011. 2772693.
- ↑ «Thin Lizzy Official Charts». Official Charts Company. Henta 24. april 2023.
- ↑ Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 555–556. ISBN 1-904994-10-5.
- ↑ «Allmusic > Song Search Results > Dancing in the Moonlight». AllMusic.
- ↑ Built to Perform (CD-cover). Phantom Blue. Santa Monica, California: Geffen Records. 1993. GEFD-24603.
- ↑ Li C. Kuo (9. oktober 2006). «The Complete Guitar Hero II Song List». GameSpy. Henta 24. april 2023.
- ↑ «Dogtown & Z-Boys (2001): Soundtracks». IMDb. Henta 24. april 2023.
- ↑ Face the Day (CD-cover). 24-7 Spyz. Gumbo Records. 2006. GRC007.
- ↑ Medium Rare (CD-omslag). Foo Fighters. Roswell Records. 2011. 88697-84798-1.
- ↑ «Her er listen over Sleeping Dogs Soundtrack». GameSpot. Henta 24. april 2023.
- ↑ Disarm (CD-cover). Smashing Pumpkins. Virgin Records. 1994. 7243 8 92310 2 1.
- ↑ O'Mance, Brad (11. april 2012). «Diana Vickers har covret en Tom Petty-låt». Popjustice. Henta 24. april 2023.
- ↑ O'Mahony, Catherine (28. mai 2005). «Magners London launch is Irish-made». The Sunday Business Post (Key Capital and Cooke). Henta 29. mars 2016.
- ↑ The Saturday Sessions From The Dermot O'Leary Show (CD-cover). Alt-J. Sony Music. 2014. 88843028882.
- ↑ Face the Truth (CD cover). John Norum. Los Angeles, California: Epic Records. 1992. EPC 469441 2.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 19. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ "Top RPM Albums: Nummer 5439a". RPM. Library and Archives Canada. Retrieved 23. april 2023.
- ↑ "Thin Lizzy – Bad Reputation". Norwegiancharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Thin Lizzy – Bad Reputation". Swedishcharts.com. Hung Medien.
- ↑ "Thin Lizzy | Artist | Official Charts". Den britiske albumlista. The Official Charts Company.
- ↑ "Thin Lizzy Album & Song Chart History" Billboard 200 for Thin Lizzy. Prometheus Global Media. Henta 23. april 2023.
- ↑ "RPM Top Singles." RPM. Library and Archives Canada.
- ↑ "The Irish Charts – Search Results – Dancing in the Moonlight (It's Caught Me in Its Spotlight)". Irish Singles Chart.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ «British album salstrofé – Thin Lizzy – Bad Reputation». British Phonographic Industry. Enter Bad Reputation in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go