Brian Laudrup
Brian Laudrup (fødd 22. februar 1969) er ein dansk, tidlegare fotballspelar, fødd i Wien. Han er son til Finn Laudrup og yngre bror til Michael Laudrup. Laudrup var med på Danmarks fotballandslag som i 1992 vann europameisterskapen.
Laudrup i 2013 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Brian Laudrup | ||
Fødd | 22. februar 1969 (55 år) | ||
Fødestad | Wien i Austerrike | ||
Høgd | 186 cm | ||
Posisjon | Spiss, vinge, midtbane | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1986-1989 | Brøndby | 49 | (13) |
1989-1990 | Bayer Uerdingen | 34 | (6) |
1990-1992 | Bayern München | 53 | (11) |
1992 | Fiorentina | 31 | (5) |
1993-1994 | → Milan (lån) | 9 | (1) |
1994-1998 | Rangers | 116 | (33) |
1998 | Chelsea | 7 | (0) |
1998-1999 | København | 12 | (2) |
1999-2000 | Ajax | 31 | (13) |
Totalt | 342 | (84) | |
Landslag | |||
1984 | Danmark U-17 | 6 | |
1985-1987 | Danmark U-19 | (6) | |
1987-1988 | Danmark U-21 | 5 | (0) |
1987-1998 | Danmark | 82 | (21) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Klubbspel
endreLaudrup debuterte i 1986 med Brøndby IF. Med klubben vart han danske seriemeister 1987 og 1988 og cupvinnar 1989. I 1989 flytta han til Tyskland og spelte ein sesong i bundesligaklubben Bayer Ürdingen. Sommaren 1990 gjekk han over til FC Bayern München, der han dei neste sesongane skåra 11 gongar på 53 seriekampar. Laudrup flytta i 1992 til den italienske førstedivisjonsklubben Fiorentina og eit år seinare til AC Milan, der han hadde lite suksess.
Før 1994/95-sesongen flytta han vidare til den skotske toppdivisjonsklubben Glasgow Rangers. Rangers vart seriemeister både 1995, 1996 og 1997, i 1996 vart klubben også cupvinnar.
Laudrup gjekk i 1998 til Chelsea FC i England, der han allereie første vinteren reiste til FC København. Grunna svake prestasjonar forlet han klubben straks før sesongslutt. Sesongen 1999-2000 spelte han for den store nederlandske klubben Ajax Amsterdam. Ved sesongslutt la han opp grunna ein akillesskade som hadde plaga han ei tid.
Landslagsspel
endreLaudrup spelte 82 landskampar frå debuten i november 1987 til han spelte sin siste kamp i den landslagsstrøya, då Danmark i kvartfinalen under verdsmeisterskapen i fotball 1998 vart slått ut av Brasil med resultatet 2-3. I 1992 var han ein sentral spelar då Danmark vann 2-0 over Tyskland i EM-finalen i fotball 1992. Han skåra 21 landslagsmål.
Heider
endre- Årets spelar i Danmark i 1989, 1992, 1995 og 1997
- Årets spelar i Skottland i 1995 og 1997
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brian Laudrup» frå Wikipedia på tysk, den 22. februar 2012.