Brighton Rock av Queen

Brighton Rock
Song av Queen
frå albumet Sheer Heart Attack
Utgjeve 8. november 1974
Innspelt Juli–september 1974 i AIR, Rockfield, Trident og Wessex Sound studios
Sjanger Hardrock, heavy metal
Lengd 5:11
Selskap EMI (UK), Parlophone (Europe), Elektra (US)
Komponist Brian May
Tekstforfattar Brian May
Låtskrivar(ar) Brian May
Produsent Roy Thomas Baker
Queen

«Brighton Rock» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av sologitaristen Brian May. Songen er opningsspor på det tredje studioalbumet deira, Sheer Heart Attack. Songen inneheld ein av dei lengste gitarsoloane til Queen, meir enn tre minuttar lang. Soloen har blitt spelt på konsertar av May sidan songen kom ut.

Historie endre

May skreiv songen kort tid før Queen II var ferdig i 1973. Det var ikkje nok tid og plass på Queen II. Før songen vart spelt inn i 1974 var variasjonar av soloen ein del av «Son And Daughter».

Det var mange arbeidstitlar på songen, som «Happy Little Fuck», «Happy Little Day», «Blackpool Rock», «Bognor Ballad», «Southend Sea Scout», «Skiffle Rock» og «Herne Bay».

Tittelen er eit slags ordspel. Brighton rock er ein lang, sylinderforma godteritype som er tradisjonell i Brighton.

Namnet var òg ikonisk i britisk popkultur som tittelen på ein mørk thriller-roman av Graham Greene som seinare vart gjort til ein suksessrik film med Richard Attenborough som tenåringssosiopat.

Songen, som er den første på albumet, fortel soga om to kjærastar kalla Jenny og Jimmi som møter kvarandre i Brighton ein offentleg feriedag.[1] Jenny kan ikkje bli fordi ho er redd mora vil finne ut kvar ho var. Etterpå «skriv ho eit brev kvar dag», men no er Jimmy redd for å bli avslørt av dama si.

Konsertversjonar endre

Songen er kanskje mest kjend for den lange gitarsoloen,[1] som liknar ein solo frå Smile-songen «Blag» frå 1968. May spelar soloen med ein teknikk der han nytta mange ekko som byggjer opp gitarharmoni og kontrapunktiske melodilinjer. Studioversjonen inneheld ein «hovudgitar» og ein «ekkogitar» for ei kort stund, men på konsertane brukte han å dele gitarsignalet opp i ein «hovudgitar» og to «ekkogitarar», som kvar gjekk til sine eigne forsterkarar.

Variasjonar av denne soloen vart ofte framført på Queen-konsertane, anten som ein del av sjølve Brighton Rock, i medley med andre songar (som ein kan høyre på News of the World-turneen der han kjem etter Freddie Mercury sin vokalsolo med ekko på slutten av «White Man» og May sin solo glir inn i «The Prophet's Song» eller «Now I'm Here»), eller som ein enkeltståande gitarsolo.

Seint i 1970-åra vart gitarsoloen tilpasse med noko bass og trommer, mellom anna ein tam-tam-solo av Roger Taylor (frå oktober 1978 til november 1981).

I 1980 og 1981 var soloen spelt i ein medley med «Keep Yourself Alive». På den siste Queen-turneen til Queen + Paul Rodgers, vart ein modifisert versjon, som nytta delar av «Chinese Torture» (frå The Miracle) og introduksjonen av «Now I'm Here». The Queen + Paul Rodgers-versjonen finst på konsertalbumet Return of the Champions, og vert berre kalla «Guitar Solo».

Konsertstykket var ofte 9 til 13 minuttar langt. May spelte delar av «Brighton Rock»-soloen under avslutningsseremonien til sommar-OL 2012 i London.[2]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Brighton Rock Allmusic. Henta 1. september 2011
  2. «Olympics closing ceremony - playlist". The Telegraph. Henta 9. juni 2016