DagenMagazinet

(Omdirigert frå Dagen)

DagenMagazinet er ei avis som vert utgjeven i Bergen i Vestland fylke. Avisa er ei samanslåing av avisene Dagen og Magazinet.

DagenMagazinet

LandNoreg
TypeKristen dagsavis
Org.nummer837983452
FormatTabloid
Grunnlagd1919
Sjefredaktør(er)Vebjørn Selbekk
SpråkNorsk
Opplag15 611 (2020)
Nettstadhttps://dagen.no (norsk)

Avisa er kjend for å leggja vekt på kristendom, og ha eit konservativt syn på saker innan Den norske kyrkja. Avisa er òg kjend for å stø opp om Israel.

Dagen endre

Johannes Lavik var fyrste redaktør for avisa Dagen, som kom ut første gong 20. august 1919. Arthur Berg vart seinare ein markant redaktør.

Ansvarleg redaktør er Odd Sverre Hove som avløyste Finn Jarle Sæle i 1999 etter ein heit redaktørstrid som enda med at Sæle braut med Dagen og skipa vekeavisa Norge idag.

Magazinet endre

Magazinet var ei avis som kom ut ut tre gonger for veka. Hovudkontoret var i Oslo og redaktør i 2006 var Vebjørn Selbekk. Avisa hadde ein kristen-konservativ profil. Avisa har tilknyting til krinsen kring kyrkjelyden Levende Ord. Ei systeravis med same namn kom ut i Sverige i 1980- og 1990-åra, knytt til rørsla Livets Ord. Avisa si ideologiske målsetting er «å påvirke samfunnet ut fra et vekkelseskristent ståsted».

Magazinet vart særleg kjend etter at avisa den 9. januar 2006 sette på prent 12 karikaturteikningar av islam sin profet Muhammed. Teikningane vart først gjort offentlege av avisa Jyllands-Posten i Danmark. Mange muslimar kjende seg krenkte, og publiseringa førte til stor spenning mellom Noreg og muslimske leiarar, militante islamistar mellom anna i Midt-Austen, Iran, Afghanistan og Indonesia. Redaktøren mottok anonyme drapstrugsmål, det vart internasjonale protestar og demonstrasjonar, handelsboikott, nedbrenning av den norske ambassaden i Damaskus i Syria og åtak på dei norske styrkane i Afghanistan.

Fusjon endre

I februar 2007 kjøpte avisa Dagen seg inn i Magazinet med 34 prosent. Dei utvikla frå mai eit felles laurdagsmagasin med Dagen som gjorde at avisa fekk ein heilt ny profil på laurdagane.[1]

Seinare same året vart dei to avisene fusjonert, og frå 2. januar 2008 slo dei seg saman til éi avis; DagenMagazinet. Redaksjonen i Oslo vart avisa sitt Oslo-kontor då avisene realiserte samanslåinga. Redaktør i Magazinet, Vebjørn Selbekk vart samfunnsredaktør og sjefredaktørens vikar. Odd Sverre Hove heldt fram som sjefredaktør og Johannes Kleppa (også frå Dagen) som redaktør.

I 2010 trekte Odd Sverre Hove seg som redaktør, og Vebjørn Selbekk vart konstituert som ny sjefredaktør. Hove er framleis avismedarbeidar.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.

År Nettoopplag

2009 10 246
2010 9 946

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre