Brilleand

art av andefuglar
Brilleand
Brilleandhann
Brilleandhann
Brilleandhoe
Brilleandhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig██ Hekkeområde██ Overvintring
██ Hekkeområde██ Overvintring
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Andefuglar Anseriformes
Overfamilie: Anatoidea
Familie: Andefamilien Anatidae
Underfamilie: Anatinae
Slekt: Melanitta
Art: Brilleand M. perspicillata
Vitskapleg namn
Melanitta perspicillata

Brilleand (Melanitta perspicillata) er ein fugl i andefamilien og ei stor dukkand som hekkar i nordlege Canada og i Alaska.

Skildring endre

Hoene er mindre enn hannar, vaksne hoer er i gjennomsnitt ca. 900 gram og 44 cm i lengd, hannar ca. 1 050 gram og 48 cm i lengd, noko som gjer dette den minste arten i slekta Melanitta. Kroppsforma er noko klumpa med eit stort nebb. Hannen er heilt svart, med unntak av kvite flekker på nakke og panne. Han har eit oppsvulma nebb med raude, gule og kvite teikningar. Hoene er brune fuglar med bleike hovudflekker. Det kileforma hovudet og mangel på kvitt i vengene bidreg til å skilje dei frå hoene av sjøorre.

Det fôra reiret ligg på bakken i nærleiken av sjø, vatn eller elver, i skog eller på tundra. Kullet er på 5–9 egg. Eit egg kan variere i området 55–79 gram og er gjennomsnittleg 4,4 cm i breidda og 6,2 cm i lengd. Det førekjem sporadisk blanding av ungekulla frå fleire hoer i område med høge tettleikar av reir. Veksten er relativt rask, og rugeperioden er ca. 28 til 30 dagar. Avkommet vil vere flygedyktige og uavhengige av foreldra etter ca. 55 dagar.

Utbreiing endre

Dei overvintrar lengre sør i tempererte soner, på kysten av det nordlege USA. Eit fåtal treffast regelmessig i Vest-Europa vinterstid, så langt sør som Dei britiske øyane. Nokre fuglar kan overvintre på Dei store sjøane. Dei dannar store flokkar i eigna kystfarvatn. Desse fuglane er tettvaksne, og fuglane har ein tendens til å ta av saman.

Vaksne brilleender dukkar etter krepsdyr og blautdyr, medan andungane kan leve av eit utval av andre virvellause dyr i ferskvatn.

Populasjonen er estimert til totalt 250 000 til 1,3 millionar individ (2006) og er minkande.[1]

Kjelder endre

Referansar
  1. BirdLife International 2014

Bakgrunnsstoff endre