Brimstone Peak på Sør-Shetlandsøyane
Brimstone Peak er eit kjenneleg fjell oppom neset mellom Venus Bay og Emerald Bay, på nordkysten av King George Island i Sør-Shetlandsøyane. Fjellet hadde opphavleg namnet North Foreland på eit kart av den britiske selfangstkapteinen George Powell i 1822, men namnet har sidan vorte nytta om det nordaustlege neset på King George Island i staden. Namnet «Brimstone» vart nytta i 1937 av mannskap på RRS «Discovery II» under Discovery Investigations på grunn av den gule svovelfargen til fjellet.
Brimstone Peak | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | King George Island | ||
- koordinatar | 61°55′S 57°45′W / 61.917°S 57.750°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Brimstone Peak 61°55′00″S 57°45′00″W / 61.9167°S 57.75°W | |||
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Brimstone Peak (South Shetland Islands)» frå Wikipedia på engelsk, den 21. april 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Brimstone Peak» (innhald frå Geographic Names Information System).