Brunryggmaurfugl

art av sporvefuglar
Brunryggmaurfugl
Bilete frå Panama Foto: Dominic Sherony
Bilete frå Panama
Foto: Dominic Sherony
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Brunryggmaurfugl
Utbreiinga av Brunryggmaurfugl
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Maurfuglar Thamnophilidae
Slekt: Hylophylax
Art: Brunryggmaurfugl H. naevioides
Vitskapleg namn
Hylophylax naevioides

Brunryggmaurfugl, Hylophylax naevioides, er ein liten fugl i maurfuglfamilien som finst i sørlege Sentral-Amerika og nordvestre Sør-Amerika.

Brunryggmaurfugl er ca. 11,5 cm lang, og er karakteristisk med sin kvite underside hos begge kjønn. Hannen har mørkt oskegrått hovud og strupe, brunraud overside med kvite skulderflekker, vengene er svarte med breie raudbrune vengeband. Han har svarte flekker på brystet. Hoa er bleikare i alle farger, elles mykje lik.

Dei lever i underskogen i fuktig skog også i skog i gjenvekst og beitar ofte aleine, men kan òg opptre i små flokkar som følgjer vandremaurar.

Brunryggmaurfugl finst i landa Honduras, Nicaragua, Costa Rica, Panama, Colombia og i Ecuador, på vestsida av Andes, vesentleg i Esmeraldasprovinsen.


Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunryggmaurfugl