Oslofjord Convention Center

(Omdirigert frå Brunstad Conference Center)

59°13′41″N 10°21′54″E / 59.22806°N 10.36500°E / 59.22806; 10.36500

Brunstad Conference Center ved Tønsbergfjorden i Sandefjord kommune.

Oslofjord Convention Center, tidlegare kjent som Brunstad Conference Center, er eit konferansesenter i Melsomvik i Sandefjord kommune i Vestfold. Senteret er ått av Den Kristelige Menighet og drive av organisasjonen Oslofjord. Brunstad Conference Center blei stifta i februar 2003, og stod ferdig sommaren 2004. Den 1. oktober 2004 hadde senteret offisiell opning og 1. april 2011 vart namnet endra, som ein del av den internasjonale satsinga.

Konferansesalen på Brunstad Conference Center kan romme 6 800 sittande og 700 ståande[1], Oslofjord fremstår i dag som eit særegent og unikt konferansesenter med stor kapasitet, avanserte medie- og kommunikasjonsløsninger, og ein miljøvennlig profil.

Oslofjord kan huse dei største arrangementa og har bla. huset Arctic Equestrian Games, Noregs største hesteshow[2].

Kjelder endre

  1. BCC, konferansesalen, arkivert frå originalen 30. mars 2008, henta 14. januar 2008 
  2. Hestefrelst – Norges største hesteshow, arkivert frå originalen 28. desember 2007, henta 14. januar 2008 

Bakgrunnsstoff endre