Dovenfuglar

fuglefamilie
(Omdirigert frå Bucconidae)

Dovenfuglar, Bucconidae, er ein familie i ordenen Galbuliformes som lever i regionen frå Sør-Amerika nord til Mexico. Dei 35 artane av dovenfuglar er nærmast relatert til jakamarar.

Dovenfuglar
Kvitpannedovenfugl, Notharchus hyperrhynchus
Kvitpannedovenfugl, Notharchus hyperrhynchus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Spettefuglar Piciformes
Underorden: Galbuli
Familie: Dovenfuglar Bucconidae
Horsfield, 1821

Dovenfuglar er små og tjukkfalne. I kroppsforma liknar dei mykje på jakamarar, men manglar dei glansfulle fargene til jakamarar. Hovudet er stort og tjukt, nebbet er kort og endar i ein liten krok. Fuglane har ein mørk og lite kontrastfull fjørdrakt. Rundt nebbrota vekst det ei sterk bust. Halen er vifteforma, vengene er korte og breie, eit unnatak er arten svaleveng (Chelidoptera tenebrosa) som har lange og meir spisse venger. Dovenfuglar kan variere i lengd frå 16 til 20 cm.

Levevis

endre
 
Skjeldovenfugl, Nystalus radiatus
Foto: Wikimedia-brukar Mdf

Familien har namn etter måten dei jaktar, ein dovenfugl sit ofte urørleg på ei grein og ventar og snappar insekt i lufta som kjem nær. Dei tar sjeldan bytte frå bakken. Dei er hovudsakleg insektetarar, men kan og ta små virveldyr. Dovenfuglar hekkar i grupper eller som einslege par. Dei grev hòl i bakken eller i termittuer til reirplass. Inngangen til reiret vert kamuflert med greiner og blader. Kvart kull har to til tre kvite egg, begge foreldra ruger. Ungane oppheld seg i reiret i 20 til 30 dagar etter klekking.

Artsliste

endre

Dovefuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Notharchus

Slekt Bucco

Slekt Nystalus

  • Skjeldovenfugl, Nystalus radiatus, Barred Puffbird, Sclater, 1854, (LC)
  • Terrafirmedovenfugl, Nystalus obamai, Western Striolated-PuffbirdWhitney et al, 2013
  • Stripedovenfugl, Nystalus striolatus, Eastern Striolated-Puffbird, Pelzeln, 1856, (LC)
  • Kvitøyredovenfugl, Nystalus chacuru, White-eared Puffbird, Vieillot, 1816, (LC)
  • Flekkdovenfugl, Nystalus maculatus, Spot-backed Puffbird, Gmelin, 1788, (LC)

Slekt Hypnelus

Slekt Malacoptila

Slekt Micromonacha

  • Munkedovenfugl, Micromonacha lanceolata, Lanceolated Monklet, Deville, 1849, (LC)

Slekt Nonnula

  • Raudbrystnovise, Nonnula rubecula, Rusty-breasted Nunlet, von Spix, 1824, (LC)
  • Brunkinnovise, Nonnula sclateri, Fulvous-chinned Nunlet, Hellmayr, 1907, (LC)
  • Brunnovise, Nonnula brunnea, Brown Nunlet, Sclater, 1881, (LC)
  • Gråkinnovise, Nonnula frontalis, Gray-cheeked Nunlet, Sclater, 1854, (LC)
  • Rustkronenovise, Nonnula ruficapilla, Rufous-capped Nunlet, Tschudi, 1844, (LC)
  • Nøttehovudnovise, Nonnula amaurocephala, Chestnut-headed Nunlet, Chapman, 1921, (LC)

Slekt Hapaloptila

  • Priorinnefugl, Hapaloptila castanea, White-faced Nunbird, Verreaux, 1866, (LC)

Slekt Monasa

  • Svartklarisse, Monasa atra, Black Nunbird, Boddaert, 1783, (LC)
  • Sotklarisse, Monasa nigrifrons, Black-fronted Nunbird, von Spix, 1824, (LC)
  • Kvitpanneklarisse, Monasa morphoeus, White-fronted Nunbird, Hahn & Küster, 1823, (LC)
  • Gulnebbklarisse, Monasa flavirostris, Yellow-billed Nunbird, Strickland, 1850, (LC)

Slekt Chelidoptera

  • Svaledovenfugl, Chelidoptera tenebrosa, Swallow-winged Puffbird, Pallas, 1782, (LC)

Kjelder

endre

Referansar

endre
  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Dovenfuglar