Gråkinndovenfugl

Status i verda: NT Nær truga

 Gråkinndovenfugl 
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Galbuliformes
Familie: Bucconidae
Slekt: Bucco
Art: B. noanamae
Namn på andre språk
  • Engelsk: Sooty-capped Puffbird
  • Vitskapleg namn
    Bucco noanamae
    Hellmayr, 1909

    Gråkinndovenfugl (Bucco noanamae) er ein fugl i dovenfuglfamilien og er endemisk til Colombia med utbreiing i vestlege delar av landet nord for Buenaventura, i nord heilt mot grensa til Panama og Det karibiske havet.

    SkildringEndra

    Dette er ein mellomstor, tjukkfallen insektetande dovenfugl med kroppslengd på 18 centimeter. I hovudtrekk har denne fuglearten brun overside, kvit strupe, svart bryst og elles lys underside med mørke flekker. Oversida er skildra som gråleg brun med svakt skravert mønster i farge som er nærmar seg raud, han har kvitt nedst i panna og kvit augestripe, øyredekkarane er grå. Det kvite partiet i strupen dannar ein krage ut mot sidene på halsen. Brystet er svart, buken og kroppssidene er kvite med brungule flekker.[1] Nebbet er svart, iris raud og beina lys grå.[2]

    Desse fuglane sit ofte urørlege og stille på greiner, bøyer seg så ned og plukkar insekt fra bladverk. Songen er ein serie av mange flytetonar som startar i ei trille og blir meir strekt ut mot slutten. Det naturlege habitatet er i fuktig og våt skog, kan òg bruke gjenvekst sekundærskog og i krattskog og sit lågt i vegetasjonen.[2]

    Denne dovenfuglen lever i lågland, under 100 moh. Utbreiingsområdet er frå vestkysten av Urabá-bukta mot Det karibiske havet, i eit belte sørover gjennom Chocó-departementet i vestlege Colombia til Uramba nasjonalpark, så vidt inn i Valle del Cauca-departementet.

    Ein kjenner ikkje storleiken på populasjonen, men han er trudd å vere minkande. Arten er sjeldan i utbreiingsområdet og IUCN har klassifisert han som nær truga. Trugsmåla er nye busettingar, avskoging og utviding av plantasjar og anna landbruksdrift.[3]

    KjelderEndra

    Referansar
    1. Steven et al (1986)
    2. 2,0 2,1 Rasmussen et al (2013)
    3. BirdLife International factsheeet(2015)

    BakgrunnsstoffEndra

      Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråkinndovenfugl