Budakilagunen
Budakilagunen eller Budakskyjjlagunen (andre namn Sjabolatskyj-limanen, Sjabolat, Budakskyj-limanen; ukrainsk Будацький лиман, Шаболат, rumensk Limanul Budachi, Şabolat) er ein lagune (liman) i Svartehavet i Bessarabia, sør i Ukraina. Han ligg 18 km frå byen Bilhorod-Dnistrovskyj. Lagunen er skild frå Svartehavet av ein 80–200 meter brei sandbanke. Kurstaden Sergijivka ligg ved breidda av lagunen.
Budakilagunen | |||
lagune | |||
Budakilagunen nær Sergijivka
| |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
By | Sergijivka | ||
Stad | Svartehavet | ||
- koordinatar | 46°00′N 30°21′E / 46.000°N 30.350°E | ||
Lengd | 17 km | ||
Areal | 31 km² | ||
Volum | 31 mill. m³ | ||
Saltinnhald | ~14‰ | ||
Budakilagunen 46°00′N 30°21′E / 46°N 30.35°E | |||
Kart som viser Budakilagunen.
| |||
Wikimedia Commons: Budaki Lagoon |
Lagunen er 17 km lang, 1,5 km brei, 0,8-2,4 meter over havet, med eit areal på 27–32 km². Sandbanken er kring 18 km lang og 80-200 meter brei. Lagunen er grunn, på det djupaste 2,2 meter og i snitt 1 meter. Om sommaren vert temperaturen i vatnetn 26-28 °С, og opp mot 33 °С på det grunnaste.
Dei siste 20 åra har saltinnhaldet i limanen variert mellom 2 og 32‰. I dag er den minst salt delen Akkembetbukta og den nordaustlege delen av lagunen, som er knytt til Dnestrestuaret (salinitet 2-14‰), og den saltaste delen er i sørvest (15-32 ‰).
Namnet på lagunen, Budaki, er det gamle namnet på landsbyen Prymorske, som kjem frå tyrkisk Bucak, som tyder 'hjørne'. Eit anna namn på lagunen er Sjabolat, som kjem frå namnet på ein annan landsby, Sjabo (tyrkisk Acha-abag, 'nedre hagar'), som ligg nord for lagunen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Budaki Lagoon» frå Wikipedia på engelsk, den 2. september 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Starushenko L.I., Bushuyev S.G. (2001) Причерноморскиые лиманы Одесчины и их рыбохозиаыственноые значениые. Astroprint, Odessa, 151 s. (på russisk)
- North-western Black Sea: biology and ecology, Eds.: Y.P. Zaitsev, B.G. Aleksandrov, G.G. Minicheva, Naukova Dumka, Kiev, 2006, 701 s.
Bakgrunnsstoff
endre- Bilete av lagunen Arkivert 2017-05-13 ved Wayback Machine.