Bugøynes kapell er eit kapell bygd som langkyrkje frå 1989. Det står på Bugøynes i Sør-Varanger kommune i Finnmark fylke. Arkitektar var Lien & Risan Arkitektkontor.

Bugøynes kapell
kapell
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Sør-Varanger
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Varanger
Sokn Sør-Varanger
Fellesråd Sør-Varanger
Type Langkyrkje
Arkitekt Lien & Risan Arkitektkontor
Material Tre
Innvigd 1989
Kyrkjegard Det er gravplass ved kapellet
Døypefont I tre, frå 1906
Altartavle Trekross frå 1906
Kart
Bugøynes kapell
69°58′22″N 29°38′05″E / 69.972861°N 29.634694°E / 69.972861; 29.634694
Wikimedia Commons: Bugøynes kapell
Bugøynes kapell is located in Finnmark
Plasseringa til Bugøynes kapell

Kapellet er bygd i tre og har sitjeplassar til 150 personar. Bugøynes-samfunnet hadde tidlegare hatt eit kombinert skulehus og kapell. Ein del av inventaret i kapellet stod tidlegare i skulekapellet. Det gjeld mellom anna altertavla og døypefonten.

Bugøynes kapell høyrer til Sør-Varanger sokn i Varanger prosti.

Kjelder endre

  • Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Bugøynes kapell, Bugøynes», s. 89

Bakgrunnsstoff endre