Buna (på albansk) eller Bojana (på serbisk, kyrillisk: Бојана) er ei 41 km lang elv i Albania og Montenegro som renn frå Shkodërinnsjøen til Adriahavet. I lag med elva Morača som er hovudkjelda til innsjøen, er heile systemet 183 km langt.

Buna
Bojana
elv
Elvemunningen sett frå lufta.
Land  Albania,  Montenegro
Nedslagsfelt 5 187 km²
Renn gjennom Shkodër
Sideelvar Drin
Lengd 41 km
Middelvassføring 352 /s
Kjelde Shkodërinnsjøen
 •  høgd moh.
Kart
Buna
41°51′24″N 19°21′03″E / 41.856651°N 19.350807°E / 41.856651; 19.350807
Wikimedia Commons: River Buna
Buna/Bojana nær Ada Bojana

Buna i Albania

endre

Buna/Bojana var tidlegare lengre, men sidan vassnivået i Shkodërinnsjøen har stige er den øvre delen av elva no under overflata på innsjøen. Elva flyt først vestover, men etter eit par kilometer når ho byen Shkodër og snur sørvestover. Like sør for byen møter Buna den viktigaste sideelva si, Drin, som vart ei sideelv etter ein stor flaum i 1858 då den endra retning. I dag fører Drin ti gonger meir vatn til elva enn Buna sjølv (320 m³/s). Etter å ha strøymt rundt fjelltoppen Tarabosj, passerer ho landsbyane Zues, Berdica, Oblika, Obot, Dajç og Gorica, og så etter 20 km danna ho grensa mellom Albania og Montenegro.

Grenseelv og munning

endre

Grensedelen av elva utgjer 24 km, og Buna/Bojana bukter seg nedover. Ho strøymer rundt innsjøane Šasko jezero og Zogajsko blato, som begge er i Montenegro. Busetnadar langs denne delen av elva er Sveti Đorđe og Reč på Montenegrosida, og Luarza og Pulaj på den albanske sida. Området rundt denne delen av elva er lågt og myraktig.

Ved munningen ut i Adriahavet dannar Bojana/Buna eit lite delta med to armar, og den venstre delen av elva dannar grensa med Albania, og den høgre med øya mellom armane, er ein del av Montenegro. Øya heiter Ada Bojana. Ho vart angiveleg danna då eit skip forliste her på 1800-talet, og dekkjer no eit område på 6 km³, og er den største øya i Montenegro. Feriestaden Sveti Nikola («St. Nicholas») ligg like ved, og er eit stort senter for nudisme langs Adriahavet.

Eigenskapar

endre

Sjøv om ho er kort har Buna/Bojana eit ganske stort nedslagsfelt som dekkjer 5 187 km², sidan heile nedslagsfeltet til Shkodërinnsjøen, som er den største innsjøen i Søraust-Europa, òg er ein del av det. I tillegg får ho mykje vatn frå sideelva Drin, og dette gjer at elva er det nest største tilløpet til Adriahavet, etter Poelva i Italia.

Det er mogeleg med transport langs heile Buna/Bojana, avhengig av storleiken på båten.

Kjelder

endre
  • Mala Prosvetina Enciklopedija, Tredje utgåve, Prosveta, 1985, ISBN 86-07-00001-2
  • Jovan Đ. Marković, Enciklopedijski geografski leksikon Jugoslavije, Svjetlost-Sarajevo, 1990, ISBN 86-01-02651-6