Burglinde Pollak (fødd 10. juni 1951) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar som representerte Aust-Tyskland. Ho tok bronsemedaljen i femkampen både under Sommar-OL 1972 og 1976, og sikra seg sølvmedaljen i i same øvinga i tre europameisterskap i rad; 1971, 1974 og 1978. Pollak sette verdsrekord i femkamp tre gongar i tida 1970-73.

Burglinde Pollak

Bundesarchiv Bild 183-J0628-0008-001, Burglinde Pollak.jpg

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 10. juni 1951
Werder
Idrett friidrett
Yrke friidrettsutøvar

AktivEndra

Pollak enda på åttandeplass i femkampen ved EM 1969. 19 år gammal sette ho i 1970 ny verdsrekord med 5 406 poeng. Året etter vart ho nummer to i EM 1971 i Helsinki, sigeren gjekk til vesttyske Heide Rosendahl. I Sommar-OL 1972 i München enda Pollak på tredjeplass, slått av den britisk overraskinga Mary Peters og nemnde Rosendahl. År 1973 sette Pollak på ny verdsrekord, med ein ny poengtabell sanka ho 4 831 poeng, ein rekord ho seinare i sesongen fortbetra til 4 932 poeng.

Under europameisterskapen 1974 i Roma vann Pollak sitt andre EM-sølv, 100 poeng etter vinnaren Nadezjda Tkatsjenko. To år etter enda Pollak opp med bronsemedalje då Sommar-OL 1976 fann stad i Montreal. Etter ei sjeldan tett tevling mangla ho 5 poeng i høve til landskvinnene Sigrun Siegl og Christine Laser på fyrste- og andreplass. Ved EM 1978 i Praha kneip Pollak sølvmedaljen for tredje gong, her var ungarske Margit Papp hennar overkvinne. I den siste internasjonale meisterskaps-femkampen utandørs, i Moskva-OL 1980, enda Pollak på sjetteplass.

Frå 1981 var sjukamp ny meisterskaps-tevling. Pollak prøvde seg på sjukamp, men fekk ikkje dreis på den nye øvinga spjutkasting. Dermed valde ho å legge opp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskapEndra

KjelderEndra