Busk

(Omdirigert frå Buske)

Ein busk er ein vedplante som er mindre enn eit vanleg tre og greiner ut nær bakken, slik at han har ei avrunda, kompakt form. Medan mange plantar veks seg naturleg til denne forma, kan òg tre bli avgrensa til buskform på grunn av jordsmonn, vind eller menneskepåverknad, som stadig klipping.

Busk av Aesculus parviflora.
Foto: Sten Porse
Klipte buskar lager ein labyrint i Villandry i Frankrike.
Foto: Thomas Steiner
Busker av Rhododendron på Åstveit i Bergen.
Foto: Tor-Egil Farestveit

Det finst buskar frå lauvtre såvel som nåletre, og dei kan vera vintergrøne eller lauvfellande.

Buskdannande plantar kan danna større eller mindre kratt. Naturlege og menneskeskapte buskar blir brukt i hekkar og i hagar, der dei kan vera frittveksande eller formklipte.

Døme på buskar

endre

(punkt markerte med * kan òg bli til tre)